Hopp til hovedinnhold

Sogndal Bygdekvinnelag

Jostein Flatland frå Bondelaget og Fylkesleiar i BKL Jenny Myklebust

Eldbjørg holdt prolog

Gunn Marit og Gjest

Jubileums-kaka vår

Sogndal Bygdekvinnelag 70 år


 


Markering av 70-års jubileum

Bygdekvinnelaget sitt 70års jubileum vart halde på Malin Restauranthus laurdag 11.mars 2017. Det var 41 påmelde til festen, medrekna fire inviterte gjester. Dette var bra oppmøte når laget har 41 medlemmer. 

Festen vart leia av Ingrid Thy som opna med eit flott sjølvkomponert dikt.

Eivind Ruud var med og spela trekkspel til songane, og vi opna med songen "Norges Bygdekvinnelag". Eldbjørg Hågvar las prolog og fortalde om då laget vart stifta 11.mars i 1947 med 14 medlemmer. Leiaren dengong var Ingebjørg L. Ølnes og tema på fyrste medlemsmøte var "Kvinner som vernepliktig soldat". Sikkert ikkje så rart da dette var nett etter krigen. Vidare kunne Eldbjørg fortelje at laget i løpet av dei ti fyrste åra kjøpte inn utstyr som koppar og tallerkenar med logo på til 100stk. Dette vart så leigd ut til medlemmer som hadde bruk for det til bryllaup, konfirmasjonar og gravferder.

Vidare var det nydeleg song og musikk av søskenparet  Gunn Marit og Gjest Kvåle. Fylkesleiar Jenny Myklebust helsa frå Fylkeslaget og fortalde litt om kva som hende i 1947. Mellom anna vart det lovfesta tre veker ferie. Ein liter mjølk kosta 46 øre og for ein kilo mjøl måtte ein punge ut med 78 øre. Jenny hadde også med seg eit bordflagg som gåve til laget. Ellers var det helsingar frå Lærdal Bygdekvinnelag ved Astrid Trulssen og frå Sogndal Bondelag ved Jostein Flatland. Borgund Bygdekvinnelag hadde sendt blomar.

Det vart servert smakfull buffe, kaffi og kaker. Ved kaffien hadde Guri England biletframsyning av medlemma, henta frå ulike arrangement og turar laget har delteke på opp gjennom åra. Mellom anna var det mange som hadde delteke på GretheWaitz-løpet mange år. Dei fleste fekk sjå yngre utgåver av seg sjølve, og bileta vekte gode minner og glede hos mange. Laget hadde blomehelsing til eldste medlem Ingeleiv Kvam som vart 90år i desse dagar.