Hopp til hovedinnhold

Sunnylven Bygdekvinnelag

Haustplan 2022

Vi håpar alle har hatt ein fin sommar sjølv om sommarveret ikkje har vore det beste og at de er klare for nye aktivitetar i Bygdekvinnelaget. Styret for Sunnylven bygdekvinnelag har laga ein førebels plan for hausthalvåret. Vi kjem med meir informasjon når arrangementa nærmar seg.

 

Plan for hausthalvåret 2022:

 

3. september. Busstur til Ishavsmuseet Årvak på Brandal. Middag og omvising på museet. Vi legg også turen om Flø. Meir info og påmelding vert gjort kjendt på Hellesylt info og plakatar. Ta med mann/samboar, andre familiemedlemmer eller ein god ven. 

Pris: Medlem 400 kr/ Ikkje medlem 600 kr.

15. oktober “Vår dag” 

Markering av “Frivillighetens år” og FNs matvaredag med kafe på Samfunnshuset. Vi lagar utstilling og serverer fårikål.

20.oktober. Årsmøte på Tronstad grendahus.

18. november. Julebord på Sunnylvsbygda grendahus

27. november. Julemesse

Vi har også drøfta kurs i potetlefsebaking. Vi har ikkje funne  dato til det endå

Det kan verte endringar.

Velkommen til samver i Bygdekvinnelaget! 🤗