Thora Undebakke - ny leiar i Uvdal
Uvdal Bygdekvinnelag var samla til årsmøte 23.november. Der vart Thora Undebakke valgt til leiar med hjarteleg applaus.
Ho har vore styremedlem i mange år og kjenner laget godt.
Thora har vore medlem i bondekvinnelaget/bygdekvinnelaget heile sitt vaksne liv. Ho er ei glad og kunnskapsrik bygdekvinne, og me er viss på at laget vil trivast under hennar leiing.
Uvdal Bygdekvinnelag har som vanleg fleire gjeremål i nov - des.
Det fyrste Thora gjorde for laget etter årsmøtet var å gi barnehageungar SMAK AV TRADISJONSMAT i Nore og Uvdal bygdetun.
Ho fortalte om potetens betydning frå den vart kjent på 17- 1800 talet, om flatbrød, om spekekjøtt og rakafisk.
Og dei små fekk smakebitar av alt saman.
Ei flott stund med trivelege ungar og tilsette, sa Thora etterpå.