Bli betre kjent med Vats bygdekvinnelag!
Me var heldige å blei intervjua av lokalavisa Grannar som ville vite meir om kva me driv på med i bygda.
— Fortel litt om aktivitetane?
— Det kan vera alt i frå turar i skog og mark, strikkekafé, kurs, bedriftsbesøk og ellers stiller me ofte opp og steiker lapper på diverse arrangement. Dersom du ikkje er medlem er det bare å følge med på facebook sida vår og bli med på aktivitetane du har lyst til.
— Kva pleier å vera årets høgdepunkt?
— Uten tvil sommaravsluttninga vår som me pleier å ha i juni som ein liten fest etter ein aktiv vår. Ifjor var me på omvising på Osland havbruk, og etterpå laga me fiskesuppe i båthavna i Vikedal.
— Kvifor bør ein bli med?
— Vats bygdekvinnelag er perfekt for deg som er nyinnflytta til Vats eller ønskjer å møte fleire i Vats. Det er et lågterskeltilbud med berre kjekke damer der det er plass for alle.
Har du lyst å lese heile? resten av intervjuet finn du på Grannar.no søk på "bli betre kjent med Vats Bygdekvinnelag"
https://grannar.no/2024/02/bli-betre-kjent-med-vats-bygdekvinnelag/