Hopp til hovedinnhold

Voss Bygdekvinnelag

Lyder Vedum

Møte på Tvildemoen torsdag 10.03.22.


Foredrag om kong Sverre på Voss



 

Det var 18 frammøtte på Tvildemoen denne torsdagskvelden for å høyra Lyder Veum halda foredraget sitt om kong Sverre på Voss.

Birgit, Gerd og Ingrid stod for tillaging og servering av påsmurde snitter, kake og kaffi/te. Alt smakte perfekt!

Hallbjørg ynskte alle velkomne til møtet. Me song to vers av Fedrelandssongen, før ho gav ordet til Lyder Veum.

I innleiinga si knytta Lyder Veum nokre tankar til andre verset av "Ja, vi elsker". Verset handlar om norske kongar, og sluttar med at "Sverre talte Roma midt i mot".

Deretter fekk me vera med på ei engasjerande og interessant historisk reise gjennom livet til kong Sverre frå 1151 til 1202.

I året 1177 var kong Sverre på veg austanfrå til Bergen. Han og birkebeinarane kom fram til Tvildemoen på Voss, men her vart han møtt av ein bondehær som tvinga dei til å gjera vendereis.

Slaget stod på kvar side av elva, der Båbrua ligg i dag. Kong Sverre og hans menn flykta frå bondehæren, som stogga krigstoktet deira. Historia fortel at dette var det einaste slaget kong Sverre tapte.

Hæren fekk ein strabasiøs tur austover, og mange mista livet.

Til slutt fekk me høyra litt om den nasjonalt kjende målaren Knud Bergslien (1827-1908) frå Voss, og sjå Knud sitt bilete av "Kong Sverre i snestorm på Vossefjeldene" (se foto ovanfor. Frå Grev Wedels Plass auksjoner, 1994).

Hallbjørg orienterte om ymse lagssaker: Open dag på Tvildemoen 28.mai, årsmøtesaker frå VBK til årsmøtet i HBK i Ulvik 19. 0g 20. mars, møtet i Folkeakademiet  og Eldrerådet i februar/mars, tankar om ymse haustaktivitetar og  til slutt ei påminning om å ta med seg ein gevinst til utlodding på neste møte i april.  Hallbjørg avslutta med å lesa eigne dikt, og me song «Sov du vesle spire ung» som avslutning for kvelden.