Hopp til hovedinnhold
Melder du deg inn no får du gratis medlemskap i november og desember

Melder du deg inn no får du gratis medlemskap i november og desember

Meld deg inn i Bygdekvinnelaget

Er du nysgjerring på Bygdekvinnelaget, og lurer du på om du vil bli medlem? Melder du deg inn no kan du vinne ei splitter ny meteor steiketakke, og så er det sjølvsag MANGE andre grunnar til å bli med og!

Norges Bygdekvinnelag har nærmare 500 nye medlemmar i 2020. Vi håpar å kunne verve 200 fleire medlemmar før jul, og for å få til dette vil vi vise så mange som mogeleg kor fint det er å vere med i Norges Bygdekvinnelag. Vi har laga hasjtaggen #VervingBygdekvinnelaget2020. Bruk denne og bli med å invitere inn fleire!

Vinn ei steiketakke
Alle nye medlemmer som melder seg inn i Norges Bygdekvinnelag i løpet av den neste månaden kan vere den heldige vinnaren av ei flott meteor steiketakke.Vi vil òg dele ut fine premiar til nokre av dei andre som melder seg inn før 15. november.  Vinnarane trekkjer vi 16. desember. 

Alt du treng å gjere er å registrere deg i innmeldingsskjemaet vårt her! 

Dette året har kanskje vist meir enn noko anna år kor godt det er å vere ein del av eit større fellesskap. Vi er ein open og inkluderande organisasjon, og ser at eit stor mangfald av kvinner i alle aldrar og på tvers av yrker og interesser gjev oss ein rik organisasjon, og eit levande bygdeliv.

Livesending 
For å fortelje meir om Norges Bygdekvinnelag inviterar vi torsdag 19. november til ei livesending på Facebook med vår leiar Jorun Henriksen. Her skal ho fortelje om kvifor ho vart medlem i Norges Bgydekvinnelag, kanskje dele nokre vervetip, og ikkje minst svare på nokre av dine spørsmål på kvifor det er fint å vere med i Bygdekvinnelaget.

Du kan sende dine spørsmål ved å skrive dei inn i kommentarfeltet både før og under sendinga. 

Meir enn 400 lokale bygdekvinnelag
Vi har lokallag over heile landet som er glad i og engasjerar seg for bygda si. I Norges Bygdekvinnelag har vi felles prosjekt og satsingsområder, som inkludering og berekraftig tradisjonsmat, men også du kan vere med å setje agendaen i ditt lag. 

Dei som melder seg inn i november og desember får desse to månadene gratis og betalar berre for 2021. 

Meteor steiketakke
VI trekkjer altså ein heldig vinnar som får ei meteor steiketakke i posten. Meteor steiketakke er ei norskprodusert, og har blitt produsert i Oslo i over 60 år. Steikeflata er av jarn og gjev ei god og jamn varme. Dette er perfekt for baking av lefser og flatbrød osv.