Norges Bygdekvinnelag gratulerer: Bunadbruken på UNESCO-lista
Arbeidet med å få bunadbruken innskrevet har foregått i over syv år, og bygger på et bredt samarbeid mellom Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Norsk folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon.
Bunadbruk i Norge, tradisjonshåndverk og sosial praksis er skrive inn på UNESCOs liste over menneskehetens immaterielle kulturarv. Få andre land i verda har ein så brei og folkeleg drakttradisjon som Noreg.
Det finst i dag over 450 ulike variantar av bunader i landet, og det er måten vi brukar bunaden på og handverket som ligg bak, som nå er oppført på UNESCO si liste over levande kulturarv.
Bunaden er eit symbol på lokal og regional identitet og tilhøyrsle. Det er ein kulturarv vi kler på oss, tett inntil kroppen. Slik er den tett knytt opp til den personlege historia vår og eigne familietradisjonar. Tilknytinga blir særleg sterk om bunaden blir sydd og brodert av nokon i familien, og ofte går bunaden i arv i fleire generasjonar. Det gjer også kunnskap om påkledning og ritual knytt til bunadbruk.
Eit symbol på identitet og tilhøyring
Bunaden blir brukt uavhengig av alder, kjønn, bustad og sosial status. Over 70 prosent av alle kvinner og omtrent 20 prosent av alle menn har minst ein bunad i skapet. Vi brukar den ved feiringar og markeringar, som 17. mai, dåp, konfirmasjon, bryllaup, seremoniar, jubileum, og av og til gravferder. Den er og aktivt i bruk ved kappleikar og konsertar i folkedans- og folkemusikkmiljøet.
- Det internasjonale samfunnet anerkjenner med denne innskrivinga bunadbruk og tekstilhandverk i Noreg som viktig levande kulturarv, som bør sikrast for framtidige generasjonar, seier Ellen Krageberg, direktør i Norges Husflidslag.
Arbeidet med å få bunadbruken innskrive har gått over sju år, og bygger på eit breitt samarbeid mellom Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Norsk folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon. Nominasjonen er basert på erfaringar og ekspertise dei sit med, samt innspel frå fagpersonar, handverkarar og bunadbrukarar over heile landet. Dei har skrive søknaden på vegner av den norske stat, som er den offisielle søkaren.
Kontaktpersonar:
Tone Sjåstad, Kommunikasjonsrådgjevar, Norges Husflidslag
+47 930 61 265, tone@husflid.no
Torbjørn Urfjell, Avdelingsdirektør for samfunn og arena i Kulturdirektoratet / Head of delegation i Paraguay
+47 901 81 476, torbjorn.urfjell@kulturdirektoratet.no
Fotokreditering:
- Vestfold Husflidslags kvinnebunad, 1956-modell. Foto: Ola Dybendal / Norges Husflidslag
- Brodering av perlenett til bunad. Foto: Ola Dybendal / Norges Husflidslag
- Øst-Telemark bunad. Foto: Mona Husby / Noregs Ungdomslag
- Hallingkast. Foto: Sindre Seppola Reed
- 17. maifeiring med Leikarringen BUL Oslo. Foto: Kulturfotografen Thor Hauknes
- Bringeduk til Hardangerbunad. Foto: Ola Dybendal / Norges Husflidslag
I 2003 vart UNESCO-konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven vedtatt. Norge slutta seg til avtalen i 2007. Immateriell kulturarv er levande tradisjonar og kunnskap som blir overført mellom menneske. Kulturarv gir oss identitet og ståstad som nasjon, lokalmiljø og enkeltpersonar. Det er ofte kunnskap eller ferdigheiter vi har arva, som blir sett på som så verdifulle at de blir teke vare på og vidareført til komande generasjonar.
Noreg har nå seks oppføringar på UNESCO sine lister over immateriell kulturarv:
- Den nordiske klinkbåttradisjonen
- Oselvarverkstaden
- Stevkunst, dans og folkemusikk frå Setesdal
- Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider
- Svensk-norsk seterkultur
- Bunadbruk i Norge, tradisjonshåndverk og sosial praksis
I tillegg har Norge åtte stader på UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarvstader («Verdensarven»):
- Bryggen i Bergen
- Urnes stavkirke
- Røros bergstad og Circumferensen
- Bergkunsten i Alta
- Vegaøyan
- Struves meridianbue – fire norske punkter
- Vestnorsk fjordlandskap; Geirangerfjorden og Nerøyfjorden
- Rjukan-Notodden industriarv