Norges Bygdekvinnelag og koronaviruset

På denne sida har vi samla informasjon om korleis koronaviruset påverkar oss som organisasjon. Vi er glade for at det så smått opnar litt opp igjen. Noko som gjer at vi kan sjå fram til fleire møter og aktivitetar i lokallaga.

(Artikkelen er sist oppdatert 09.06.2020)

Vi er no inne i ein fase der samfunnet vert opna meir opp. Det gjev oss som organisasjon moglegheit til å samlast for aktivitetar og arrangement. Helsedirektoratet skriv på sine sider at det no er tillatt med arrangement på 50 personar så framt:

  • det er mogeleg å halde avstand på minst 1 meter mellom personar
  • arrangementet har ein ansvarleg arrangør som har oversikt over kven som er til stade og er ansvarleg for at råda om avstand og smittevern vert følgde
  • arrangøren set i verk tiltak som bidreg til at sjuke ikkje deltek på arrangementet og ivaretek god hygiene

Les meir om reglane arrangørar av kultur- og idrettsarrangement skal følge her!

Det kjem stadig oppdatert informasjon knytt til koronaviruset (covid-19), og situasjonen endrar seg stadig. Vi vil difor oppmode alle om å følgje med på råda frå helsemyndigheitene. Les meir om koronaviruset på Folkehelseinstituttet sine nettsider. 

Merk: Ein del av den informasjonen som ligg under er no utdatert. 

Kva med å prøve å ha digitale møter og aktivitetar?
Det er framleis avgrensingar i samband med fysike møter, så kva med å teste ut digitale møter? Mange har allereie erfaring med å ta i bruk messenger til videochat, men det finst mange plattformer som kan brukast til møter og sosiale samankomster. Det er litt skummelt første gang, men når ein først har blitt trygge, kan det vere moro og effektivt- og ikkje minst, ein god måte å halde kontakt med kvarandre på og aktiviteten i laget i gang. 

Til telefonmøte kan ein til dømes ta i bruk MeetAt

Til videokonferanse kan ein til dømes ta i bruk:

Praktiske tips til å få gode digitale møter er:

  • Send ut ein tydeleg agende med oversikt over kva ein skal førebu seg på til møtet
  • Deltakarane bør logge seg på litt før møtestart
  • Ha nokre spelereglar til telefonmøter
  • Husk å involvere alle og pass på at alle får sagt sitt
  • Oppsummer etter kvart
  • Hald tida-ha korte møter 

Tekniske råd:

  • Bruk mute eller "lyd av"-knappen på telefonen, eller slå av mikrofonen på PC-en når du ikkje snakkar, så unngår ein forstyrrande lydar i møtet 
  • Om det er mange i møtet kan ein bruke chattefunksjonen til å be om ordet

Jobbar for å få støtte til korona-avlyste, stengde og utsette arrangement
Regjeringen tilbydde frivillige organisasjoner kompensasjon for økonomiske tap. Norges Bygdekvinnelag meiner ordninga er for smal og utelukkar mange frivillege lag og foreiningar fra å få støtte. Les meir om denne saka i artikkelen Bygdekvinnene faller utenfor krisepakken til frivilligheten!

Norges Bygdekvinnelag har saman med Frivillighet Norge og andre organisasjonar gjeve innspel til myndigheitene om kva som kan vere med å lette koronakrisa. Frivillighet Norge har tre krav til myndigheitene: Eiga kontantstøtteordning for frivillegheita, kompensasjon for avlyste arrangement som treff breidda av frivillegheita og bruk av momskompensasjonsordninga til å frigjere midler raskt. Les meir her!

Norges Bygdekvinnelag sitt Landsmøte for 2020
Norges Bygdekvinnelag sitt Landsmøte skulle haldast i Bergen 5.-6. juni 2020, men grunna koronasituasjonen vert Norges Bygdekvinnelag sitt Landsmøte 2020 halde digitalt. Dato for det digitale Landsmøtet er 20. juni 2020. 

Fylkeslaga har gjennomført sine årsmøter 
Norges Bygdekvinnelag sine fylkeslag har i år gjennomført sine fylkesårsmøter digitalt. Dei fleste har gjort det som telefonmøter, mens Hordaland Bygdekvinnelag hadde vodeokonferansemøte. Har du og ditt lokallag spørsmål kring fylkesårsmøtet kan du ta kontakt med ditt fylkeslag.

Har ditt lag lyst å fortsetje kursaktiviteten?
Norges Bygdekvinnelag er tilknytta Studieforbundet kultur og tradisjon. Mange av kursa har vore sett på vent grunna dei avgrensa moglegheitene for å halde fysiske møter, men kriblar det i fingrane etter å fortsetje aktiviteten finst det no moglegheiter.

Kunnskapsdepartementet har gjort midlertidig vedtak som gjev Studieforbunda moglegheit til å gje tilskot til nettkurs og kortare kurs med minst 4 kurstimar. Dette gjeld både påbyrja kurs som er korta ned og nye kurs. Unntaka gjeld midlertidig fram til 1. august 2020. 

Er det vanskeleg å få gjennomført kursa på alternativt vis kan laga som har kurs og aktivitetar velje om dei avslutte sine kurs umiddelbart, utsetje kursa til hausten eller ikkje gjennomføre. Studieforbundet anbefalar å finne praktiske løysninger i samarbeid med kurslærarane og deltakarane. For å få en oversikt over situasjonen ber Studieforbundet kultur og tradisjon om tilbakemelding om avlyste kurs, kurs med reduserte kurstimar og/eller ny sluttdato for kurset. Send gjerne e-post til post@kulturogtradisjon.no, og ta kontakt med Studieforbundet om de har spørsmål. Les meir informasjon frå Studieforbundet kultur og tradisjon her!

Bli med på prosjektet "Bærekraftig matkunnskap
Prosjektleiar for Norges Bygdekvinnelag sitt nye prosjekt Bærekraftig matkunnskap, Ingrid Lamark, oppmodar alle lag som har lyst til å delta i prosjektet om å melde seg på.

- Det er no lokallaga bør søke om pengestøtte til prosjektet, og vi vil gjerne at lokallaga nytter tida til å sjå framover. Kanskje kan det vere ein ekstra givande syssel å planlegge gode aktivitetar i denne tida, slik at de er klare når vi får samlast att, seier prosjektleiar Ingrid Lamark.


Ho tek gjerne ein prat i telefonen med Bygdekvinnelag som har spørsmål. Prosjektleiar for Bærekraftig matkunnskap Ingrid Lamark kan du nå på 918 00 215.  

Er ditt lag med på KvinnerUT?
Vi er i ein situasjon der mange lag ikkje får gjennomført sine planlagde aktivitetar og arrangement. Har ditt lag byrja KvinnerUT, og har ei gruppe, er det positivt om lokallaget kontaktar minioritetskvinnene og dei andre deltakarane for å halde gruppa    samla. Kva med å ta ein telefon til deltakarane. Kanskje er det nokre i gruppa som er usikre på situasjonen akkurat no og treng litt ekstra støtte.

Norske myndigheter har gjort tilgjengelig informasjon om koronasituasjonenpå mange ulike språk. Sjå her! Oppfordre gjerne minioritetskvinnene i KvinnerUT til å vidareformidle informasjonen frå   myndighetene til andre i bygda som kan trenge informasjonen. 

Hald motet oppe. Kva med invitere til ei eiga lille Facebookgruppe der ein legge ut snuttar med strikkeopplæring, matlagingstips, stell av blomar eller berre dans i stova for å vere sosiale.

Vil ditt lokallag hjelpe til under koronakrisa?
Frivillege organisasjonar er gode på dugnad og vande til å ta i eit tak når det trengst. Om ditt lag har lyst å bidra kan ein gjerne kontakt med kommunen og avklar kva oppgåver de kan bidra med   lokalt. I samband med koronasituasjonen har Frivillighet Norge og KS utarbeidd 8 praktiske tips til kommunar om samarbeid mellom frivilleg og kommunal sektor

Ein del lokale bankar og stiftingar har utlyst ekstra midlar i samband med koronasituasjonen, og gjev til dømes ut støtte til kjøp av Ipad til sjukeheimar. 

Koronaviruset rammar kvinner hardt
Koronaviruset  pregar heile verda, og det er som FOKUS (forum for kvinner og utviklingsspørsmål skriv på sine nettsider, ingen tvil om at kvinner vert ramma hardt av koronakrisa. 

Kvinner utfører tre ganger så mye ubetalt omsorgsarbeid som menn, opptek 70 % av alt helsearbeid globalt, og har ofte hovedansvaret for eldre, barn og sjuke. I tillegg er det dokumentert at vold i  heimen aukar i krisesituasjonar.   

På FOKUS sine nettsider kan du lese meir om korleis COVID-19 påverkar kvinner sine rettar og likestillinga!

Ta gjerne kontakt med administrasjonen
Norges Bygdekvinnelag sine tilsette i administrasjonen jobbar no frå heimekontor. Det er spesielle tider, men vi i administrasjonen skal gjere vårt beste for å hjelpe både medlemmar og lag. Vi er alle tilgjengelege på telefon og e-post. 

Generalsekretær Cesilie Aurbakken kan du nå på tlf. 970 86 879 eller e-post: cesilie.aurbakken@bygdekvinnelaget.no

Organisasjonsrådgjevar Marie Aaslie kan du nå på tlf. 220 54 815 eller e-post: marie.aaslie@bygdekvinnelaget.no

Organisasjonsrådgjevar Astrid Seime kan du nå på tlf. 908 72 411 eller e-post: astrid.seime@bygdekvinnelaget.no

Kommunikasjonsrådgjevar Helle Cesilie Berger kan du nå på tlf. 901 258 45 eller e-post: helle.berger@bygdekvinnelaget.no

Prosjektleiar for KvinnerUT Sosan Asgari Mollestad kan du nå på tlf. 901 41 091 eller e-post: sosan.mollestad@bygdekvinnelaget.no

Prosjektleiar for Bærekraftig matkunnskap Ingrid Lamark kan du nå på 918 00 215 eller e-post: ingrid.lamark@bygdekvinnelaget.no

Organisasjons- og kommunikasjonsrådgjevar Mari Gjengedal kan du nå på tlf. 970 45 683 eller e-post: mari.gjengedal@bygdekvinnelaget.no

Nettsiderettleiar Tale Hammerø Ellingvåg  kan du nå på tlf. 924 40 683 eller e-post: tale@bygdekvinnelaget.no

 


 

 

Bli medlem