Hopp til hovedinnhold
Nyt julefreden både med og utan snø. Foto: Rønnaug Børresen.

Nyt julefreden både med og utan snø. Foto: Rønnaug Børresen.

Norges Bygdekvinnelag ønskjer alle ei god jul!

Administrasjonen i Norges Bygdekvinnelag tek juleferie frå 22. desember. Vi er tilbake 4. januar 2016. Ta kontakt om noko hastar.

Om noko hastar kan du ta kontakt med:

Vi vil takke alle lokal- og fylkeslag fo fantastisk innsats i 2015. Aktiviteten i lokallaga gjev oss ein møteplass for aktive kvinne.

Vi ønskjer alle ei god jul og eit godt nytt år og gler oss til å vere på plass igjen i 2016!

Det lyser i stille grender
I følgje Ivar Aasen-tunet skreiv Jakob Sande diktet sommaren 1931, og dette er diktet slik det første gong stod på trykk i Jul i Sunnfjord 1931 med tittelen "Julekveld". Lars Søraas d.y. (1887—1976) skreiv i 1948 den tonen som er mest brukt i dag.

Det lyser i stille grender [Julekveld]

Det lyser i stille grender

av tindrande ljos ikveld,

og tusunde barnehender

mot himmelen ljosi held.

 

Og glade med song dei helsar

sin broder i himmelhall,

som kom og vart heimsens frelsar

som barn i ein vesal stall.

 

Han låg der med høy til pute,

og gret på si ringe seng,

men englane song der ute

på Betlehems aude eng.

 

Der song dei for fyrste gongen

ved natt over Davids by,

den evige himmelsongen

som alltid er ung og ny.

 

Songen som atter tonar

med jubel kvar julenatt.

um barnet, Guds son og sonar

som myrkret for evigt batt.