Norges Bygdekvinnelag ønskjer alle ei god påske!
Administrasjonen i Norges Bygdekvinnelag tek påskeferie frå 21. mars til 29. mars.
Norges Bygdekvinnelag ønskjer alle ei god påske! Kontoret er stengt i frå 21. mars til 29. mars, men om noko hastar kan du ta kontakt med:
Cesilie Aurbakken, generalsekretær i Norges Bygdekvinnelag: Tlf. 970 86 879/e-post: cesilie.aurbakken@bygdekvinnelaget.no
Skal du ut på tur i påska bør du ta med deg Sigrid Henjum sine nydelege og energirike havrebollar (12-15 stykk):
100 g Kvitseidsmør
5-8 mellomstore dadlar
3 dl økologiske havregryn
2 ss honning
2ss kakao
6 ss kokosmasse
3 ss sterk kaffi
Smelt smøret i panna og ha i dadlane. La dei ligge litt i smøret slik at det vert lettare å mose dei med ein stavmiksar. Det skal verte ei brun, jamn masse når du er ferdig. Ha i resten av ingrediensane og bland dei godt saman. Klem massen saman til små kuler (som små golfballar) og rull dei til slutt i kokosmasse. Set dei i kjøleskapet nokre timar slik at dei vert harde. Havrebollane held seg minst ei veke i kjøleskap og mykje lenger i frysen. Ta dei med på fjellet og på skitur, så kan du gå langt!
Fleire av oppskriftene til Sigrid Henjum finn du i Bygdekvinnelagets hefte «Turmat gjennom året».
God påske!