Hopp til hovedinnhold
Eva Kittelsen er Norges fremste ambassadør for synleg reparasjon

Eva Kittelsen er Norges fremste ambassadør for synleg reparasjon.

Nøysom-webinar: Synleg reparasjon

Onsdag 28. mai kl. 18.00 - 19.00 inviterer vi til webinar med Eva Kittelsen. Velkommen!

Trykk her for å bli med i møtet! 

 Eva Kittelsen – grunnleggaren av verksemda Synlig reparasjon

Her er det du kan glede deg til å lære om på webinaret: 
• Praktiske tips og inspirasjon til korleis du kan reparere klede på ein synleg, kreativ og berekraftig måte.

• Refleksjonar rundt korleis ei omsorgsfull reparasjonspraksis kan styrke både sjølvomsorg og fellesskap.

• Lær korleis ein kvardag med synleg reparasjon kan bidra til redusert forbruk og meir livskraft, håp og tilhøyrsle.

• Høve til å stille spørsmål og få konkrete råd til dine eigne reparasjonsprosjekt på slutten av webinaret.

Eva Kittelsen har sjølv levd med kroniske smerter og starta sitt eige verksemd for å jobbe i tråd med eigen helse og verdiar. Gjennom synleg reparasjon deler ho erfaringar og verktøy for berekraft, kreativitet og motstandskraft – for både menneske og natur. Besøk Eva Kittelsen si nettside om Synleg reparasjon her: https://www.myvisiblemend.no/

Alle er hjarteleg velkomne – både medlemmar og ikkje-medlemmar!

Nøysom. Kurset er ein del av Norges Bygdekvinnelag sitt prosjekt NØYSOM. Les meir om Nøysom her: https://bygdekvinnelaget.no/noysom

Takk til @sparebankstiftelsenDNB for støtte til Nøysom!

Nøysom er eit to-åring prosjekt i Norges Bygdekvinnelag som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.

Møteplassar. Eit mål i Nøysom er å skape møteplassar for barn, unge og vaksne som bidreg til meistring og fellesskap. Vi har stor tru på at det å sitte saman og lære seg praktiske ting saman kan gje meistring og inspirasjon til å lære meir, og ta fleire miljøvenlige val i kvardagen. Bygdekvinnelag over heile landet har fått støtte til meir enn 300 aktivitetar. 

Webinar, som synleg reparasjon, er eit tilbod til både medlemmer i Norges Bygdekvinnelag og andre interesserte. Målet med dei digitale seminara er å  inspirere og spreie kunnskap som gjer det lettare for folk å ta fleire berekraftige og miljøvenlege val i kvardagen.