Hopp til hovedinnhold

Ny vervebrosjyre

No kan ditt lokallag bestille den nye vervebrosjyra hjå Norges Bygdekvinnelag.

Sjekk ut Bygdekvinnelaget si nye vervebrosjyre!
Her kan du sjå vår nye vervebrosjyre: Bli med i Bygdekvinnelaget.

Vervebrosjyre kan bestillast på e-post: post@bygdekvinnelaget.no

*Brosjyra som ligg ved er på nynorsk, men vi vil også lage ein bokmålsversjon.

Vil du legge inn info om akkurat ditt lag?
Norges Bygdekvinnelag har over 400 lokallag. Alle laga har sine unike aktivitetar. I den nye vervebrosjyre er det laga plass til at ein skal kunne setje inn eige ark med informasjon om akkurat ditt lag, og kva aktivitetar dykk har. Her er døme på korleis det kan sjå ut; vedlegg til vervebrosjyre 2017. Dette dømet kan dykk sjølv skrive ut og setje inn i vervebrosjyra. Før du gjer det må du huske å setje inn info om akkurat ditt lokallag 1) Opne den redigerbare PDF-en og skriv inn informasjonen om ditt lag (namnet, info om laget og kva aktivietar dykk skal ha framover), 2) Lagre dokumentet på maskina di, 3) skriv det ut i fargar og sett det inn i vervebrosjyra.

NB! Har du problemer med å opne skjemaet kan du krysse av for at du vil opne det i eit ana program (som adobe acrobat).

Lag gjerne ein eigen variant til å setje inn i vervebrosjyra
Husk at alle lag kan lage sine eigen informasjon i A4 til å setje inn i brosjyra. Då skriv ein akkurat den teksten som passar sitt lag og brukar lokale bilder. Det kan vere alt frå informasjon om laget, invitajson arrangement eller programmet på eit seminar/kurs. Vervebrosjyra  er laga slik at ein kan brette eit A4 ark i tre, eller som i dømet der ein skriv ut eit A4-ark som ein klipper opp og set inn.