Hopp til hovedinnhold

Fargeglad oppbevaringskorg. Foto: Marian Thunold.

Putefin av gammalt og litt nytt. Foto: Marian Thunold.

Putefin av gammalt og litt nytt. Foto: Marian Thunold.

Nytt liv i fillehaugen

Redesign rir som ein farsott gjennom bygdekvinnelaga våre. Her kjem herleg påfyll av idear frå Marian Thunold i Omvikdalen Bygdekvinnelag.

Tekst og foto: Marian Thunold, Omvikdalen Bygdekvinnelag

Putefin av gammalt og litt nytt

Puta er laga av stoffrestar og band, litt gammalt og litt nytt.

Eg har nytta eit gammalt mellomverk i hardangersaum som var flekkete og litt øydelagt, men det som var heilt og flekkfritt vart «prikken over i-en» i denne puta.

 

Fargeglad oppbevaringskorg

    

Av filler kan ein hekle og strikke. Her har eg hekla oppbevaringskorger til badet og strikka gryteunderlag til kjøkenet. Begge deler vart flotte gåver. Gryteunderlaga gjorde lukka saman med oppvaskeklutar strikka i bomullsgarn.

 

Kremmarhus

Kremmarhuset har eg laga av ein gammal, bordert duk som hadde hol og flekker. Dette vart fylt med smågodt og var vertskapsgåve i samband med ein vårfest.

 

Kjepphest

Denne borneleika er laga av ein gammal sokk, litt band, eit par knappar og eit avsagd kosteskaft. Innmaten tok eg frå ei hovudpute som etter vask vart noko pjusk. Sjeldan har eg fått betre tilbakemeldingar på ei julegåve som på denne. Mottakaren var seks år og overbegeistra.