Hopp til hovedinnhold
Anita fortel om matminner frå sin oppvekst på 60-talet.

Anita fortel om matminner frå sin oppvekst på 60-talet.

Podkast: Matminner frå eit 50-talskjøkken

Anita Haglund Grindvold, matentusiast og medlem i Rakkestad Bygdekvinnelag, vaks opp på gard i grenselandet på 1960-talet, i ei tid der ingenting skulle kastast. Høyr Anita fortelje om smaken av sesong, pausane rundt måltidet og verdien av salt!

Kva minner har du frå barndommen din?
Luktar han nysteikt brød? Smakar han salt sild, poteter og brun saus?

På eit 50-talskjøkken vekkast minner til live igjen. For mat er er lengsler, trøst og omsorg. Mat er kulturminner, identitet og tradisjonar. 

I podkasten sit vi i eit 50-tals kjøkken på Borgarsyssel Museum i Sarpsborg. Rundt bordet sit Astrid Seime fra Norges Bygdekvinnelag og Kathrine Sandstrøm fra Østfoldmuseene saman med Anita Haglund Grindvold, fra Rakkestad bygdekvinnelag. Samtalen rundt bordet handler om matminner, nøysemd og litt nostalgi.

Lytt på episoden her: https://www.museumspodden.no/

Vil du dele dine matminner?
Gjennom forskningsprosjektet FoodStories: Heritagisering for bærekraftig verdiskaping, samlar Østfoldmuseene og Maihaugen inn historier og minner om mat fordi de forteller noe unikt om oss som mennesker og om samfunnet vi lever i.

Alle er invitert til å dele sine bidrag her: Bidra til mathistorien – Del dine minner i "Snakk om mat!" - Østfoldmuseene

Ta vare på matkulturarven! 
Ei av oppmodinga frå Anita er å lage mat av norske råvarer. På norsktradisjonsmat.no finn du blant ann denne oppskrifta på råsaft av rabarbra: Råsaft av rabarbra og jordbær samt syltetøy. | Norsk Tradisjonsmat

 

Norges Bygdekvinnelag sitt prosjekt Nøysom skal inspirere folk til ein meir miljøvenleg og berekraftig kvardag. Tusen takk til Sparebankstiftelsen DNB for støtte til prosjekt Nøysom!

Podkasten er eit samarbeid mellom FoodStories og Bygdekvinnelagets prosjekt Nøysom, ved Marianne Løken Østfoldmuseene, Kristina Skåden, Maihaugen og Astrid Seime, prosjektleiar Nøysom.

Anita Haglund Grindvold driv Lilleheier gård saman med sin Rune. Gården ligg utanfor Degernes sentrum og har både snekkerverksted og ein kafe. Her kan du lese meir om Lilleheier gård!