Hopp til hovedinnhold
Åpe møte 2. desember 2015, Bø Bygdekvinnelag.

Åpe møte 2. desember 2015, Bø Bygdekvinnelag.

"Radionostalgi" v/Teater Ibsen.

Denne kvelden vart vi teke med på ei reise tilbake til krigsåra 1940, med humør, sang og musikk, men og alvoret som prega desse åra. Det vart fortalt at stykket hadde blitt til ved intervju av eldre folk som hadde opplevd denne tida da Tyskland invadera Noreg. Vi vart kjend med Alfhild som var 20 år da krigen braut ut, i dag er ho 95 år og bur i Skien som handlinga er frå. Skodespelaren Anna Amalie Smedstad fekk oss med på dette, med stor innleving, følelsar og tankar som Alfhild hadde, desse fyrste dagane og ellers åra som krigen vara. Fekk fram kor viktig radioen var for folk i denne tida. Fekk og høyre kjende sangar av artistar som var populære i desse åra, Anna Amalie framførte dette på eit profesjonelt vis. Stor oppleving, vi levde med i forteljinga frå fyrst til sist. Bø Bygdekvinnelag takker for ei flott oppsetting og flink skodespelar.