Hopp til hovedinnhold
Stor del av Skare Bygdekvinnelag hadde ein strålande dag med gode opplevingar.

Skare Bygdekvinnelag på tur i Rosendal

Skare Bygdekvinnelag tok sommarturen til Rosendal

Som avslutning for sommaren, den 27. mai, valde vi i Skare Bygdekvinnelag ein dagstur til Rosendal . Me fekk velja mellom forskjellige aktiviteter og avslutta dagen med nydeleg middag.

Det møtte 22 av i alt 24 medlemer, og vi  reiste frå Skare kl. 12 00. Vi har hatt mange varierte turar innanfor  1 – 2 t. køyretur. Turane er tenkt å vere inkluderande  og  tilgjengelege, for dei som har vore spreke ein gong og dei er spreke.

Første stopp var Austrepollen i Kvinnherad, nærare bestemt «Ein blå tråd». Her har Gerd Laura Bondhus og Barbro Marta Gjerde starta opp ein garnbutikk . Utstillingsmodellar av godt brukte strikkeplagg både til vaksne og til born, med mangfoldige, nydelege mønstre, flotte fargar og kvalitetar. Det vart litt handling, mykje fristande og inspirerande. Flott stopp og kan anbefalast til andre! Så gjekk turen vidare utover langs fjorden.

I Rosendal etter lunsj var det fritt val  - nokon tok seg ein handlerunde, andre ville oppleve Steinparken og resten reiste opp på Galleri Guddal. Rosendal har med noko for ein kvar smak. Turar, opplevelsar eller berre nyte staden og ta det med ro.

Da klokka nærma seg  17 00, var alle damene på plass på Rosendal Fjordhotel i spisesalen. Nydeleg middag med dessert og kaffi.

Denne dagen fauk fort , og vel fornøgde  reiste vi heimover igjen.

Reisebrev og helsing frå Skare Bygdekvinnelag.

Leiar Gunvor S. Seljestad