Hopp til hovedinnhold
Nøysom + Friluftsglede og inkludering inviterer til webinar.
Nov
25
Tue

Slik skapar vi grøn glede og inkluderande fellesskap

Digitalt webinar
-

💚Bli med på webinar om grøn glede og fellesskap – og få idear til korleis du kan skape grøne, inkluderande aktivitetar der du bur! 💚💚

💚Bli med på webinar om grøn glede og fellesskap, og la deg inspirere av Bygdekvinnelaget sine to prosjekt, «Nøysom» og «Friluftsglede og inkludering», som begge handlar om berekraft, kvardagsglede og sosialt fellesskap.

Trykk her for å bli med i møtet: Bli med i møtet nå

Du fĂĄr:
• Gossen Bygdekvinnelag fortel om sitt arbeid i Nøysom-prosjektet – med praktiske tips til aktivitetar og korleis nå ut til målgruppa
• Sand Bygdekvinnelag deler erfaringar frå aktivitetar knytt til både Friluftsglede og inkludering og Nøysom
• Tips og inspirasjon frå Sosan Asgari Mollestad som er prosjektleiar for Friluftsglede og inkludering og Astrid Seime som er prosjektleiar for Nøysom.

Dette er ein gyllen moglegheit til å lære av to engasjerte bygdekvinnelag – og få idear til korleis du kan skape grøne, inkluderande aktivitetar der du bur! 💚💚

Webinaret er ein del av Grøn veke, Bygdekvinnelaget sitt alternativ til handelsstanden si Black Week. I Grøn veke vil vi bremse overforbruket, og løfte fram nøysemd, naturglede og fellesskap som viktige delar av eit berekraftig liv.

Alle er hjarteleg velkomne 💚

Takk til @Sparebankstiftelsen DNB som støttar prosjekta Friluftsglede og inkludering og Nøysom!

#nøysom #grønveke #friluftsgledeoginkludering #norgesbygdekvinnelag #grønnuke