Søk om momskompensasjon og få tilbake penger til aktivitet

Spar pengar, søk om momskompensasjon

Alle lokal- og fylkeslag kan sende inn sin søknad om momkompensasjon til Norges Bygdekvinnelag innan 20. juni, og få tilbake pengar til aktivitet. Ta kontakt om du treng hjelp!

Norges Bygdekvinnelag sine lokal- og fylkeslag kan no sende inn søknaden om momskompensasjon for rekneskapsåret 2019.

God moglegheit for å spare pengar
Momskompensasjon er eit verkemiddel for å styrke frivillige organisasjonar. Føremålet er å kompensere for kostnader friviljuge organisasjonar har til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

I fjor søkte 203 lokallag, 14 fylkeslag og Norges Bygdekvinnelag sitt sentralledd om momskompensasjon for regnskapsåret 2018. Norges Bygdekvinnelag oppfordrar alle lokal- og fylkeslag til å sende inn søknad. Alle lag sender søknaden til Norges Bygdekvinnelag som sender den vidare på vegne av laga.  

Er ditt lag registrert i Frivillighetsregisteret?
Det er eit krav at alle lokale og regionale lag som skal søke om momskompensasjon må vere registrert i Frivillighetsregisteret med eige organisasjonsnummer. Organisasjonsnummer er nyttig, og er noko bankane krev for å kunne ha konto i banken, Vipps eller liknande. Ved å vere registrert i Frivillighetsregisteret kan du også ta del i Grasrotandelen til Norsk Tipping.

For å bli registrert i Frivillighetsregisteret, må ein først vere registrert i Enhetsregisteret. Du kan registrere laget i begge registera samtidig – eller berre i Frivillighetsregisteret, om de allereie er i Enhetsregisteret.

Det er heilt gratis å stå i frivillighetsregisteret, og det er enkelt å registrere seg. Gå inn på Brønnøysundregistrene for å registrere laget:
https://www.brreg.no/lag-og-foreninger/registrering-i-frivillighetsregisteret/

Før du skal registrere laget er det lurt å ha fødselsnummer på alle som skal registrerast med ei rolle (styret) og stiftelsesdokumentet klart. Om ditt lag ikkje har stiftelsesdokument kan du legge ved Norges Bygdekvinnelag sine vedtekter. Stiftelsesåret for Norges Bygdekvinnelag er 15. november 1946. Norges Bygdekvinnelag sine vedtekter finn du her! 

Norges Bygdekvinnelag har laga ei rettleiing på både registrering og endring i registeret. Rettleiinga frå Norges Bygdekvinnelag finn du  her!

Søknadsprosessen for momskompensasjonen 
Bygdekvinnelaget nyttar forenkla søknadsmodell. Det vil seie at søknaden er basert på laget sine samla kostnader. Med andre ord, sum utgifter (kostnader) i rekneskapsåret – teke direkte frå årsrekneskapet. Det skal ikkje korrigerast for noko. Det er nokre unntak, dei kjem fram i skjema og gjeld ikkje mange lag – om nokon.

Erfaringa frå tidligare år er at dei aller fleste lokallaga finn rett beløp for brutto (sum) driftskostnader. Likevel er det ein gjengangar at ein  korrigerer for kostnader som ikkje har meirverdiavgift, eller andre forhold ein trur ikkje er kompensasjonsberettiga. For lokallag og fylkeslag skal ein kunn oppgje summen av dei kostnadene (utgiftene) som laget har hatt i rekneskapsåret.

Lag som har kostnader under 5 millioner treng ikkje godkjenning frå autorisert revisor. Noko som gjeld alle våre lag.

Korleis går eg fram for å søkje om momskompensasjon?
Du kan velje mellom tre måtar å sende inn søknaden på:

Vi oppmodar alle til å nytte denne måten for innsending, sidan det er enklast for dykk og gjer arbeidet vårt med å setje saman tala mykje enklare.

  • Du kan sende søknaden som vedlegg i e-post.

Fyll inn driftskostnadene (sum alle kostnader som laget har) frå fjorårets rekneskap (2019) i skjemaet. Send skjema og signert rekneskap for 2019 (resultatrekneskap og balanse) på e-post til astrid.seime@bygdekvinnelaget.no

  • Send søknaden og signert rekneskap i posten

Fyll inn driftskostnadene (sum alle kostnader som laget har) frå fjorårets rekneskap (2019) i skjemaet. Send skjema og signert rekneskap for 2019 (resultatrekneskap og balanse) til Norges Bygdekvinnelag, postboks 9358 Grønland, 0135 Oslo. Send i god tid før fristen.

Frist 20. juni 2020!

Spørsmål?
Har du spørsmål kan du ta kontakt med Astrid Seime i Norges Bygdekvinnelag på e-post astrid.seime@bygdekvinnelaget.no

Bli medlem