Stor engasjement for norske grønsaker
Eit av årets høgdepunkt i 2017 var då meir enn 140 Bygdekvinnelag over heile landet delte ut gratis posar med norske grønsaker. Her kan du sjå nokre av bilda som lokallaga tok.
I samband med verdas matvaredag i oktober delte stolte og bilde Bygdekvinner ut poser med norske grønsaker over heile landet. Her er nokre av bilda frå dagen!
Spydeberg Bygdekvinnelag
Sandvollan Bygdekvinnelag
Øvre Folldal Bygdekvinnelag
Skare Bygdekvinnelag lagar lagar raudbetsuppa
Gjesdal Bygdekvinnelag
Blide damer frå Heskestad Bygdekvinnelag
Gjesdal Bygdekvinnelag
16. oktober er verdas matvaredag, og mål 2 i FN sine bærekraftmål sier at vi skal utrydde oppnå betre ernæring, og fremme bærekraftig landbruk innan 2030. På verdas matvaredag vil over 130 lokale Bygdekvinnelag over heile landet markere dagen utan for sine nærbutikkar. ”JA til norske grønsaker” er ein positiv aksjon for å fremme norske grønsaker.
Gartnerhallen og Bygdekvinnelaget vil fremje norske grønsaker som ei sunn og god råvare fordi:
• Grønsaker er bra for helsa, og noko av det beste ein kan gjere for å få eit sunnare liv, er å auke inntaket av grønsaker.
• Grønsaker passar til det meste, og med auka kunnskap om bruk, vert det enno lettare å ha det som ein del av sitt daglege kosthald.
• Grønsaksproduksjon har eit lågt klimaavtrykk. Det vil seie at produksjonen av norske grønsaker er positivt for miljøet.
• Mattryggleik. Noreg produserar grønsaker med så lite bruk av sprøytemiddel som mogeleg.
• Sjølvforsyning. Noreg må både i solidaritet med andre land - og for å trygge eiga befolkning, ha ein eigen matproduksjon.