Hopp til hovedinnhold

Å lære seg noko nytt gjev meistring og glede. Her frå Gossen Bygdekvinnelag sitt sykurs.

Syglede og skaparkraft

Gjennom prosjektet Nøysom har bygdekvinnelag over heile landet skapt møteplassar for meistring, gjenbruk og ekte syglede. På Gossen og i Halsa har barn, unge og vaksne oppdaga kor kjekt det er å lage og reparere saman.

På Gossen Bygdekvinnelag og Halsa Bygdekvinnelag opplevde dei ekte sy-glede då dei inviterte til sykurs og verkstader under Nøysom. Begge lag lukkast i å skape meistring, engasjement og fellesskap på tvers av generasjonar.

Sy-lan
Eit av tiltaka i Gossen Bygdekvinnelag var «Sy-lan», arrangert på tekstilrommet ved Gossen barne- og ungdomsskule. Med eigne ressursar innan saum, bøting og redesign, og med ei kunst- og handverkslærar i laget som hovudansvarleg, hadde dei ein inspirerande dag.

SY-LAN med Gossen Bygdekvinnelag. Ein heil dag med sying gjekk rett heim hjå jentene som var med.
Jentene som deltok, var så oppslukte av arbeidet at dei knapt hadde tid til matpause.

- Jentene som deltok på Sy-lan var så begeistra over det dei lærte og var med på at dei nesten ikkje hadde tid til matpause. I ettertid har det vore stor interesse for fleire Sy-lan, fortel Kjellaug Urdshals, som er leiar i Gossen Bygdekvinnelag.  

God planlegging gjev rom for kreativitet
Gossen Bygdekvinnelag si erfaring er at grundig planlegging var avgjerande for eit vellukka resultat. For kvart prosjekt hadde dei to planleggingsmøte:

  1. På det første møtet tok dei utgangspunkt i målsetjinga i Nøysom, idémyldra rundt gjennomføring, definerte målgruppe og vurderte samarbeidspartnarar. Dei kartla behov for lokale og ressurspersonar, og la ein plan for marknadsføring.
  2. På det andre møtet var det tid for detaljplanlegging med ansvarsdeling, innkjøp, logistikk og praktisk tilrettelegging. Alt skulle vere klart før kursdagen og alle måtte vite kva dei skulle gjere. Ein god plan for dagen gav ro til å vere til stades når deltakarane kom.

God planlegging gjev godt resultat.

Planleggingsgruppa bestod av 6–12 engasjerte bygdekvinner – og vart utvida ved behov. Til saman vart det lagt ned rundt 60–70 timar frivillig arbeid, fordelt på mange hender.

«Fikse sjøl» i Halsa Bygdekvinnelag
Halsa Bygdekvinnelag valde temaet «Lage og reparere sjølv». På ein laurdag og ein kveld, samla dei 16 deltakarar.

Her vart det:

  • Lært å bruke symaskin
  • Stoppa sokkar og reparert hol
  • Laga synleg bot
  • Prøvd omsaum
  • Vevd på vevstol og bordvev
  • Laga vesker og handlenett av gardiner og sengetøy
  • Sydd små leiker med nål og tråd

Barna var ivrige men dei fekk tid til stigegolf og pizzapause ute i sola.
Diplom er kjekt å få etter at ein har lært seg å sy. Her er stolte born i Halsa.
Stolte deltakarar med diplom etter vel gjennomført kurs. 

Samarbeid med flyktningmottak
Halsa Bygdekvinnelag hadde også invitert med minioritetskvinner. For å få med minioritetskvinner var aamarbeidet med Sana flyktningemottak avgjerande. På sy-verkstaden var det fint å sjå alle som sat side om side og jobba kreativt saman.

Mange timar med frivilleg arbeid 
Styret i Halsa Bygdekvinnelag fungerte som komité, med medlemmar som samla stoff og utstyr, og stilte som hjelparar på verkstaden. Det vart lagt ned om lag 80 timar frivillig arbeid.
Fin invitasjon til kurs.
Halsa fekk laga ein fin plakat til å henge opp på nærbutikken. 

I følgje Halsa Bygdekvinnelag vert deltaking og kurset best når barn får lære på dagtid, helst i helga, og når målgruppa er tydeleg definert. I perioden kurset vart planlagt og marknadsført, auka også medlemstalet i laget.

Eva Kittelsen: Synleg reparasjon
*I Nøysom har vi fått gode tips frå Eva Kittelsen, som både har blitt intervjua i medlemsbladet Bygdekvinner og har hatt digitalt kurs med alle bygdekvinner. Vi deler litt av intervjuet med Eva her.

– For meg handlar det å reparere, og særleg å gjere det synleg, om å ta vare på både meg sjølv, det eg eig og verda rundt meg, seier Eva Kittelsen, gründer av My Visible Mend.
Eva fortel at ho vert meir glad i kleda sine etter å ha reparert dei. Gjerne med fine Sashiko.

For Eva er ikkje hol eit problem, men ei moglegheit. Synleg reparasjon gjer terskelen lågare. Arbeidet treng ikkje skjulast, det kan bli ein del av designet.

Ho rår nybyrjarar til å starte med eit plagg dei ikkje er redde for å «øydeleggje», bruke kontrastfarga tråd og ta seg tid. Gjerne med ein kopp te og ei lydbok på øyret.

Ein teknikk ho løftar fram, er sashiko, som er japansk reparasjonskunst med enkle forsting i mønster som både forsterkar og dekorerer.

Eva sine beste tips:

  • Bruk materiale som liknar plagget (ull på ull, bomull på bomull).
  • Reparer eit større område enn du trur – slitasjen går ofte lenger enn holet.
  • Bruk elastiske sting på elastiske stoff.
  • Tråkle først – det gjev jamnare resultat.
  • Vel fargar som kan spele saman med resten av garderoben.

For Eva handlar reparasjon også om tempo. – Når vi senkar farten og arbeider med hendene, gjer vi noko godt både for kloden og oss sjølve.

Vegen vidare med berekraft og beredskap
Begge laga ser at erfaringane frå Nøysom gir inspirasjon vidare. Beredskap er eit aktuelt tema i 2026, og kunnskapen om å dyrke sjølv, lage mat frå botnen, reparere og lage ting sjølv er viktig kunnskap å ta med seg inn i 2026. 

-Beredskap er eit stort tema for året, og her vil Nøysam vere til stor inspirasjon for vegen vidare! Å dyrke sjøl, kunne lage mat og utnytte alle ressursar vi har rundt oss, bøte , fikse og lage våre eigne vaskemidlar – alt viktig kunnskap i beredskaps-samanheng. Vi har og andre spennande tankar om vegen vidare, og først ut er Kvinnedagen 8. mars 2026 med tema Beredskap. Der har vi fokus på å dyrke sjøl og fermentering, som er tema frå Nøysom, fortel Kjellaug i Gossen Bygdekvinnelag

Aktivitetar med tema lage og reparere:

  • Invitere til kurs i synleg reparasjon
  • Stoppe sokkar og lære om materialkunnskap
  • Sy gåveposar av gamle gardiner
  • Arrangere redesignverkstad
  • Reparere og ta vare på sykkel
  • Lage bivoksark 
  • Snekre dyrkekasser
  • Spikke smørknivar

Gjennom Nøysom har bygdekvinnelaga vist at berekraft ikkje berre handlar om å redusere forbruk, men om å skape noko saman, om fellesskap, meistring og om å ta vare på det vi har og kvarandre.

 

 

Nøysom er eit to-åring prosjekt i Norges Bygdekvinnelag som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB. Prosjektet skal inspirere folk til ein meir miljøvenleg og berekraftig kvardag.

Prosjektet støtta Bygdekvinnelag over heile landet med midlar til aktivitetar for barn, unge og vaksne med tema for å gjere det enklare for folk å ta fliere berekraftige og miljøvenlege val i kvardagen. 

Prosjektet varte i 2024 og 2025, og det vart gitt støtte til meir enn 300 aktivitetar. Mange av laga som fekk støtte til aktivitetar hadde fleire samlingar per aktivitet, så talet på aktiviteskveldar og dagar er mange. 

Tusen takk til alle lag som har lagt ned ein stor innsats for å skape viktige møteplassar, og ikkje minst viktig, nyttig og kjekk kunnskap. 

*Gjennom året vil vi dele aktivitetar frå prosjekte Nøysom og Friluftsglede og inkludering. Prosjekta er avslutta, men aktivitetane består.