Ut i naturen – Med glede på turen
2025 var friluftslivets år og mange av våre lokallag viste et enormt engasjement og iherdig innsats for å legge til rette for lavterskel aktiviteter i friluft gjennom prosjektet «Friluftsglede og inkludering».
Sand Bygdekvinnelag var en av de 103 lokallag som deltok i prosjektet med flere inkluderende friluftsaktiviteter. En familietur til Jonstølen i Suldalsheia ble høydepunktet for en mangfoldig gjeng med bakgrunn fra ulike land.
Her kan du lese den nydelige historien om en hyttetur ført i pennen av Anne Margrethe Myhre fra Sand Bygdekvinnelag:
Med sovepose og sokkeskift til Jonstølen i Suldalsheia
32 store og små med tilknyting til Sand Bygdekvinnelag drog på overnattingstur til Jonstølen. Med aldersspenn frå 0,3 til 72 år, og bakgrunn frå 7 ulike land, var det ein spent gjeng som la i veg oppover lia. For mange av deltakarane var dette livets første møte med den norske tradisjonen å gå til ei open turisthytte, og for oss alle blei det eit av sommarens høgdepunkt i Friluftslivets år.
Men turen starta eigentleg fleire veker tidlegare med samlingar i inkluderingshagen på Sand, der me snakka om norske fjell og hytter, om ryggsekker og soveposar, gode sko og sokkeskift, og hjelpemiddel som bæresele og -meis. Me hadde også ein runde på kva mat me måtta ha med som alle kunne eta.
Mot en ny og ukjent verden
Etter at steinane med dei raudmåla T’ane hadde fått si forklaring, la dei største gutane av garde oppover lia. Me andre justerte tempoet etter kvar våre føresetnader. Jonstølåno gjekk stor etter regnfallet tidlegare i veka, og skogen og mosen lukta friskt og godt langs stien. Fjellvinden strauk lett forbi og regnet held seg vekke. Alle kjente at nå var dei komne til ein ny og ukjent verden. Mobilkamera vart flittig bruka og nokre tok seg tid til å smaka på eit blåbær og to i motbakkane.
Så låg plutseleg Turisthytta der oppå bergknausen sin. Den er ganske ny og fin, og ein hyggeleg hyttevaktfamilie tok imot oss på trappa. Det tok litt tid før alt og alle fann sin plass på hytta. Romfordelinga var eit lite puslespel, men alle fekk ei seng dei var nøgde med. Så var det å finna ut av kjøkkenfasilitetane og vassforsyning. Den største utfordringa for gjengen var nok utedoen.
På det store kartet i stova, såg me på kor me var, og at det er mange fleire Turistforeningshytter som har turstiar mellom seg. Mange av deltakarane kjende til Haukeliseter som er ein vanleg stoppestad når ein er på tur over Haukeli i retning Oslo med bil eller buss.
Gøy på fjellet
Matlysta er stor når ein kjem til fjells, og det smaka kjempegodt med linsesuppe med eigendyrka grønsaker frå inkluderingshagen vår på Sand, og piffa opp med kvitløk og chili. Dei som ønska kjøttmat attåt, fekk kyllingpølser til. Både matlaginga og oppvasken gjekk unna med godt mannskap i kjøkkentenesta. Og gutane var nede i elva og fylte vassbøttene gong etter gong. Vassposten utafor hytta var sett litt ut av drift til drikkevatn pga. mykje nedbør tidlegare i veka.
Første dagen la mennene ut til næraste fjelltopp og kom strålande tilbake. Dei hadde vore på eit fjell utan tre på, og med utsikt vidt utover, og ned på hytta. Andre tok litt forsiktig mindre turar i området, ned til elva, til stølen nedanfor og litt rundt omkring. Og nokre sette seg rett og slett i ein god stol i hytta og nytte synet av fjell og skog og rennande vatn i fred og ro. Mange nye inntrykk og mange spørsmål om ville dyr, stølar og stølsbruk, sopp og bær.
Dagen etter strauk meir eller mindre heile gjengen til fjells, eller i alle fall næraste nuten, med Michael som støttespelar. Han kom tilbake storleg imponert over små og store som la turen bortimot rett opp mot toppen utan å bruka tid på å sikk-sakka for å gjera ruta mindre bratt. Og opp kom dei, alle saman, og ned att også i god behald. Nokre hadde bytta ut vatnet på drikkeflaska si med blåbær.
Da kom fjordhestene
Medan me pakka oss ut av hytta og samlast på trappa igjen, kom fjordhestane og helsa på. Dei er godt vane med fjellturistar og let seg villig klappa og fotograferast, til stor glede for dei yngste. Så måtte me starta turen nedover igjen. Men nå var sekkene lettare og opplevingane og gleda over turen stor.
Sammen for gode aktiviteter
For Sand Bygdekvinnelag var turen ein del av arbeidet vårt for inkludering og tradisjonsformidling. Turen var støtta av Norges Bygdekvinnelag gjennom prosjektet Friluftsglede og inkludering, og av Norske Turistforening, DNT, som i samband med Friluftslivets år, tilbaud gratis hytteovernattingar på sjølv- og ubetente hytter til grupper som ikkje har eiga hytte og/eller har lågt feriebudsjett.
Prosjektet «Friluftsglede og inkludering» ble finansiert med midler fra Sparebankstiftelsen DNB.
Gjennom prosjektet fikk 103 lokallag støtte til gjennomføring av 200 inkluderende friluftsaktiviteter.
Takk for engasjementet, innsatsen og mange flotte aktiviteter til glede og inspirasjon for mange.
*Gjennom året vil vi dele aktiviteter fra prosjektene «Friluftsglede og inkludering» og Nøysom. Prosjektene er avsluttet, men aktivitetene består.