Våre saker - Stortingsvalet 2021
Vil du og ditt lag vere med å skape merksemd kring saker Bygdekvinnelaget brenn for? Sjekk ut Norges Bygdekvinnelag si valpakke der vi har samla stoff om fire ulike saker!
Til hausten er det stortingsval, og vi oppfordrar alle lokallag og distriktslag til å engasjere seg i det politiske arbeidet fram mot valet.
Trykk her for å sjå og lese Norges Bygdekvinnelag si valkamppakke!
Vi jobbar saman
Norges Bygdekvinnelag arbeider for gode liv i levende bygder, likestilling, inkludering, mangfold, mat og miljø. Vi er partipolitisk nøytrale, og kan arbeide på tvers av tradisjonelle politiske skillelinjer til det beste for samfunnet og våre interesser. Med vårt organisasjonsapparat og samfunnsengasjement kan vi påverke politikarane til å prioritere saker som er viktige for oss.
- Saman kan vi påverke utviklinga. Vi håper valpakka kan inspirere til ein felles dugnad for å få til eit fleirtal på Stortinget for gratis skolemat, innføring av 0-visjon for nedbygging av matjord og breibånd til alle uavhengig av kvar ein bur i landet, seier Cesilie Aurbakken, generalsekretær i Norges Bygdekvinnelag.
Fire saker
Det er mange ulike saker ein kan prioritere å jobbe med. Norges Bygdekvinnelag sitt styre har valt ut fire saker. Til desse fire sakene har vi laga bakgrunnsstoff, og tips til korleis ein kan engasjere seg i valet lokalt eller regionalt.:
- Jordvern
- Skulemat
- Frivilligheita sin betyding
- Høghastighetsbreiband til alle
Aktivitetar fram mot valet
Bruk gjerne materiellet som ligg i valpakka som inspirasjon til engasjement og aktiviteter fram mot Stortingsvalet, som korte intervju eller videosnutter på Facebook, webinar eller politisk møter rundt bålet.
Norges Bygdekvinnelag vil både invitere til zoom-møter, lage nettsaker og dele stoff på Facebook. Vi håpar mange engasjere seg, dele og like sakene slik at vi verkeleg kan få vist fram dei gode sakene organisasjonene arbeider for - og ikkje minst gjere ein forskjell.
Digital valkamp
Både stortingspolitikarar, kommunepolitikarar og andre kjem til å vere mykje på sosiale medier før årets Stortingsval. Det gjev oss ein god sjanse til å både utfordre politikarar på våre saker, kommentere og dele saker.
- Tenk på kva vi med alle våre medlemmer kan få til berre ved å dele våre valkampsaker på Facebook fram mot årets val, seier Aurbakken. Ho oppfordrar alle lokal- og distriktslag til å engasjere seg. Vi skal gjere vårt beste frå sentralt for å legge til rette.
"Bygdekvinneuka"
Frå 20. til 30. august er det "Bygdekvinneuka". Det er ei av Bygdekvinnelaget sine verveveker. Legg gjerne nokre av valkamp - aktivitetane til denne veka. Det kan vere eit fint høve til å synleggjere ditt lokallag og kva Norges Bygdekvinnelag jobbar for og med.
Politisk plattforrm
Norges Bygdekvinnelag jobbar aktivt for mange ulike saker som er viktig for levande bygder. I Bygdekvinnelaget sin politiske plattform finn de fleire aktuelle saker!
Spørsmål eller idear du vil dele?
Om du har spørsmål eller gode idear til kva vi kan gjere saman fram mot valet så ta kontakt:
- Generalsekretær Cesilie Aurbakken på e-post cesilie.aurbakken@bygdekvinnelaget.no
- Organisasjonsrådgiver Astrid Seime på e-post astrid.seime@bygdekvinnelaget.no