Hopp til hovedinnhold
Sjekk ut kva alternative måtar ein kan ta i bruk for gjennomføring av kurs?

Sjekk ut kva alternative måtar ein kan ta i bruk for gjennomføring av kurs?

Vil ditt lag ha kurs?

Om det kriblar i fingrane etter å få i gang litt aktivitet i laget finst det moglegheiter. Studieforbundet kultur og tradisjon gjev tilskot til nettkurs og kortare kurs med minst fire timar.

Kunnskapsdepartementet har gjort midlertidig vedtak som gjev Studieforbunda moglegheit til å gje tilskot til nettkurs og kortare kurs med minst 4 kurstimar. Dette gjeld både påbyrja kurs som er korta ned og nye kurs. Unntaka gjeld midlertidig fram til 1. august 2020.

Norges Bygdekvinnelag er tilknytta Studieforbundet kultur og tradisjon. Her kan du lese om retningslinjene for kurs med minst 4 kurstimar og nettbaserte kurs!

Mange avlyste arrangement
Råda frå helsemyndigheitene om minst mogeleg kontakt mellom folk betyr at aktiviteter og møter i tida framover er avlyst eller må gjennomførast via telefon, skype eller andre digitale hjelpemiddel. Norges Bygdekvinnelag vil gjerne at de brukar moglegheitene for sosiale samlingar gjennom til dømes skype eller andre digitale løysingar. Om alle er på facebook kan ein ha prøve å ha ei hyggeleg samling på messenger. På messenger kan ein ha videochat med fleire personar samtidig. 

Les om moglegheiter for digitale møter her!

Bli med på prosjektet "Bærekraftig matkunnskap"
Prosjektleiar for Norges Bygdekvinnelag sitt nye prosjekt Bærekraftig matkunnskap, Ingrid Lamark, oppmodar alle lag som har lyst til å delta i prosjektet om å melde seg på prosjektet.

- Det er no lokallaga bør søke om pengestøtte til prosjektet, og vi vil gjerne at lokallaga nyttar tida til å sjå framover. Kanskje kan det vere ein ekstra givande syssel å planlegge gode aktivitetar i denne tida, slik at de er klare når vi får samlast att, seier Ingrid.

Ho tek gjerne ein prat i telefonen med Bygdekvinnelag som har spørsmål. Prosjektleiar for Bærekraftig matkunnskap Ingrid Lamark kan du nå på 918 00 215.  Les meir om prosjektet Bærekraftig matkunnskap her!

- I prosjektet skal barn og vaksne saman utforske matvarer, matrettar og teknikkar fra det tradisjonelle matstellet, dei skal lære om kva slags mat som vert produsert lokalt, kva vi finn i naturen og korleis vi kan  til å ete og bruke og mat som er bra for både kropp og klode. VI vil at aktivitetane gjev bærekraftig matkunnskap, seier ein engasjert prosjektleiar. 

Er ditt lag med på KvinnerUT?
Aktivitetane i prosjektet «KvinnerUT – Mestring og Kompetanse» kan takast opp igjen så lenge ein forheld seg til myndigheitene sine retningslinjer for smittevern og førebyggande koronatiltak. Ein må gjerne tenkje alternativt; Kanskje kan gruppa delast opp med færre personar - og møtast ute i naturen eller at ein tek i bruk digitale løysingar til kurs og opplæring.

«Kanskje kan man endre på temaet for samlingene og erstatte innholdet med aktuelle temaer som formidling av myndighetenes informasjon om Corona-viruset, om situasjonens helsemessige og sosiale konsekvenser, helseforebyggende tiltak for familier. Her må man bruke kreative løsninger og tenke utenfor boksen.»                                                                                                                      Sosan Asgari Mollestad,  Prosjektleiar for KvinnerUT

Sosan håpar lokallaga finn lokale løysingar for utfordringane grunna korona-viruset, og at laga vil dele kreative idear og utveksler erfaringar gjennombåde eigne Facebook- sider og på Facebooksidene til KvinnerUT.

- Det viktigaste er å halde kontakten med minoritetskvinnene og støtte kvarandre i ei krevjande tid, seier prosjektleiar Sosan Asgari Mollestad.

Ta gjerne ein telefon til prosjektleiar for KvinnerUT Sosan Asgari Mollestad for å diskutere idear og moglegheiter. Ta kontakt med Sosan på telefon 901 41 091 eller e-post: sosan.asgari.mollestad@bygdekvinnelaget.no