Hopp til hovedinnhold
1. plassen gjekk til Signe Lise Børve.

Foto: Signe Lise Børve.

2. plassen gjekk til Bjørg Strømme.

Foto: Bjørg Strømme.

3. plassen gjekk til Lars Polden.

Foto: Lars Polden.

4. plassen gjekk til Silke Wrede.

Foto: Silke Wrede.

5. plassen gjekk til Borgny Sletten.

Foto: Borgny Sletten

Vinnaren av sommarens fotokonkurranse er Signe Lise Børve

Signe Lise Børve, Bjørg Strømme og Lars Polden stakk av med dei tre første plassane i fotokonkurransen «sommaren er best ute». Dei tre vinnarane får deilige ullprodukt i Lanullva-serien frå Vinje Ullvarefabrikk. Norges Bygdekvinnelag gratulerer!

På instagram, facebook og e-post har me fått inn eit hundretals fargerike sommarbilete dei siste vekene, takk for alle dei flotte bidraga! Vinje Ullvarefabrikk/Lanullva har sponsa flotte ullklede til vinnarane.

1. plass – Signe Lise Børve (Ullensvang): «Ei hoppande glad Margit på tur på Dronningstien i Hardanger». Biletet som stakk av med sigeren syner ekte turglede og at sommaren verkeleg er best ute. Signe Lise Børve har vore aktiv i alle fotokonkurransane me har hatt i år, og sendt inn mange flotte bidrag.

2. plass – Bjørg Strømme (Fitjar): «Sommarflørt med "Tvistur" og Lorentza Yr» har fotografen kalla dette leikne blinkskotet. Ingen tvil om at kjemien stemmer her! Også Bjørg har delteke i fleire av konkurransane våre, med fleire bidrag på høgt nivå.

3. plass -  Lars Polden (Surnadal) «Biletet er tatt i 5-tida om morgonen då eg koka kaffi etter ei natt ute i det fri. Sauene var tydeleg nysgjerrig på kva som føregjekk og stilte seg opp for å sjå på». Det seier vinnaren av 3. plassen om biletet sitt. Den fine naturopplevinga Lars hadde på fjellet denne morgonen er me glade for at dotter hans, Anne Polden, delte med oss.

I tillegg gratulerer me også Silke Wrede og Borgny Sletten som får kvar si overrasking i posten for høvesvis 4. og 5.plass i konkurransen. Takk til Lanullva for premiar til konkurransen. Sjå alle bileta på: www.facebook.com/bygdekvinnelaget

Hugsar du på å ta med kameraet eller mobiltelefonen når du er ute på tur, kan du delta i ny fotokonkurranse allereie til hausten. Følg med på www.bygdekvinnelaget.no og www.facebook.com/bygdekvinnelaget for meir informasjon i september!

Bygdekvinnelaget sine fotokonkurransar gjennom dei fire årstidene er ein del av Bygdekvinnelaget sitt prosjekt «Bygda i bevegelse»:

I 2016 løftar Norges Bygdekvinnelag fram kvardagsaktiviteten, og Bygdekvinnelaget sine lokallag inviterer i prosjektperioden til 650 opne folketurar over heile landet gjennom dei fire årstidene, med fokus på turglede og utemat. Målet er å gje deltakarane positive opplevingar i naturen, senke terskelen for å kome seg ut på tur og motivere fleire til å vere fysisk aktive gjennom heile året.