Hopp til hovedinnhold
Bø Bygdekvinnelag.

Bø Bygdekvinnelag.

Vintertur i Eikjabygda

10. januar 2016 .

Samarbeid med Bø Bygdekvinnelag og Eikjabygda Vel.

Det var 43 turgåarar som møtte opp denne dagen. Dei trossa snøvær og kald vind, nokon gjekk 2,5 km. mens andre gjekk 3,5 km.

Det var god stemning i lavoen på Breskhaug, der alle var invitera til servering av nystekte sveler, saft og kaffi. Dette hadde Bø Bygdekvinnelag ansvar for. Laget har som prosjekt i 2016 å oppmode bydefolk  om å ut på tur. Dette var fyrste turen som er i samarbeid med Eikjabygda Vel og var vinterturen vår,  deretter legg vi opp til vår, sumar og hausttur saman med andre lag og foreningar i Bø. Takkar for hyggelig tur i Eikjabygda.