Hopp til hovedinnhold
Merete Myklebust frå Norddal satsar på glamorøs camping og yoga. Foto: Privat.

Merete Myklebust frå Norddal satsar på glamorøs camping og yoga. Foto: Privat.

Merete Myklebust i Meretes Garden. Foto: Privat.

Merete Myklebust i Meretes Garden. Foto: Privat.

Glamping er ei samanfletting av orda glamorøs og camping. Ideen er at du får ei naturoppleving i bohemske telt, med god seng og varm dyne, lenestol og stearinlys. Foto: Helle Cecilie Berger.

Glamping er ei samanfletting av orda glamorøs og camping. Ideen er at du får ei naturoppleving i bohemske telt, med god seng og varm dyne, lenestol og stearinlys. Foto: Helle Cecilie Berger.

Bygdegründer i glamping og yoga

Kvinnelege bygdegründarar har ei viktig rolle når dei viser at det er mogleg å dyrke fram ideane sine. Merete Myklebust er ei av dei. Ho satsar på glamorøs camping og yoga.

Lokallaga i bydekvinnelaget er flinke til å invitere og løfte fram lokale, kvinnelege gründerar til sine møter, så også i Valldal. Solveig Linge Stakkestad i Valldal Bygdekvinnelag meiner at det er viktig å heie fram deira lokale kvinnelege gründerane.

– På kvinner sine vegne er vi stolte av dei som får til noko, seier Solveig.  

Bygdekvinnene inst i Norddalsfjorden på Sunnmøre reiser gjerne ut på besøk til sine lokale gründerar. Denne dagen går turen til Merete Myklebust i Meretes garden.

Nytt liv i nedlagt gartneri

For nokre år sidan sat Merete Myklebust i husværet sitt  i Oslo og drøymde om å ha eigen hage. Åra  gjekk, før det opna seg ei unik moglegheit då Merete tok over  det nedlagde gartneriet til familien  i Valldal. Her laga ho til hagar og sette i stand kurslokale for å kunne tilby kurs i personleg utvikling. Ho tok psykoterapeutisk utdanning i Danmark og dykka seinare inn i yogaen si mektige verd. No var ho klar til å jobbe med menneske og «tune inn» til deira hjarte. Det store drivhuset og området rundt er utvikla til ein puste-ut-stad for helse og velvære. Retreat-senteret har i dag ein sansehage og eit kursrom. Kursrommet, som ligg i det gamle drivhuset, vert nytta til yoga og meditasjon. Her kan du høyre elvebrusen som gjev ei nær oppleving av levande natur. I den frodige sansehagen finn dei besøkande ro og harmoni. Ideen til sansehagen kjem frå dei moderne japanske hagane. Dei er utforma for å skape ro. Valldalsutgåva har asiatiske hageplanter vi kjenner i Noreg, som rododendron, asalea og geranium. Hagen ender opp i ein sildrande dam med japanske koie-fiskar. Fargane er begrensa for å gje harmoni til auget. På veg gjennom hagen slyngjer det seg ein sti i sikk-sakk. Tanken er at den som vandrar på stien må setje ned tempoet.

 

   

På stien gjennom sansehagen møter du treet som har vokst gjennom taket. Foto: Helle Cecilie Berger. 

– Eld, vatn, jord og lukt i hagen skaper balanse, forklarar Merete.

Midt i hagen veks ei gjenstridig or tvers gjennom taket.

– Det er symbolsk at treet veks tvers gjennom taket, det syner at du kan gå utanfor dine eigne grenser, seier Merete. 

 

Taklar stress

Kurslokalet vegg i vegg er eit drivhus der Merete tilbyr kurs i livsstilmestring, yoga og målarkurs i sommarhalvåret. 

– Eg har nett hatt besøk av åtte damer som var her på yogaworkshop. Dei kunne ligge på matta og sjå opp i himmelen medan dei høyrde fossen i koiedammen. Stress var fellesnemnaren for dei alle. Dei kosa seg med sauna og vegetarmat. Då dei reiste heim, var dei komne godt i gang med å takle stress, fortel Merete.

 

Til no har det vore klart flest kvinner som har vore på kurs og opphald hjå Merete Myklebust, men ho har tru på at mennene vil kome etter. – Det er alltid sånn, kvinner kjem først, smiler ei av bygdekvinnene frå Valldal. Foto: Helle Cecilie Berger.

 

Luksus-camping

For tre år sidan starta Merete opp et tilbod med overnatting i telt. Konseptet vert kalla glamping, og er ei samanfletting av orda glamorøs og camping. Ideen er at du får ei naturoppleving i bohemske telt, med god seng og varm dyne, lenestol og stearinlys. Bestillingane på glampingen kjem inn jamnt og trutt. Det kan vere familiar eller venegrupper. Merete har òg investert i eit nybygg med dusj og garderobe for gjestane. Her finst ein vakker sauna med utsikt til elva Gullåna og fjelltoppen Gullakoppen. Merete valde bevisst ein vedfyrt sauna. Varmen vert lunare og dei besøkande kan sitje der lengre. Eit stort vindauge inne i saunaen gir god utsikt til naturen utanfor, og gjer at saunaen vert mindre klaustrofobisk enn om det berre var treveggar. Det er og overnattingsmoglegheiter i det nye badehuset.

 

   

Bjørg S. Kleppe og Kristin Alstadsæter i Valldal Bygdekvinnelag vitjer glamping-teltet. Foto: Helle Cecilie Berger.

Forrige vinter hadde Merete besøk av eit par tyskerar. Saunaen var spesielt populær. Tyskerane sprang ut av saunaen og hoppa ut i snøen for å lage snøenglar. Til slutt såg heile tunet ut som ei englemark.  

Enno må Merete plusse på inntektene med jobb utanfor garden, men håpet er at ho kan leve av Meretes Garden på heiltid. 

 

Bygdekvinnene heiar på gründrane

Denne dagen testa bygdekvinnene ut yogaen sine avslappingsteknikkar hos Merete og kom ut, fullada med energi til kveldens grillfest.

– Merete har vore modig og starta eiga bedrift i ein marknad som det ikkje er lett å få til å løne seg. Ho har starta i ein spennande bransje med SPA og yoga. Glamping er heilt nytt her og det er spenstig at ho torde å satse på det. Merete har brukt det gamle gartneriet på ein ny måte, og viser at det er mogleg for kvinner å få fram ideane sine, seier Solveig Linge Stakkestad. 

 

Medlemmene i Valldal Bygdekvinnelag testa ut yogaen sine avslappingsteknikkar hos Merete Myklebust. Foto: Helle Cecilie Berger.