Hopp til hovedinnhold

Buskerud Bygdekvinnelag

Årsmøte i Buskerud

Frøydis, Reidun og Kristin ønsker velkommen.

Velkommen med kaffi og rundstykke.

Praten går livleg.

Triveleg å møtast.

Sølvi ønsker velkommen.

Sølvi ønsker velkommen.

Foredrag av Sidsel Børresen

Velkommen til Drammen og årsmøte 2018. v/ Mette

"So, ro te bånet" Kristin tek eit stev.

Herleg gulrotsuppe.

Lekkert og godt.

"Tilslørte bypiker"

Historikk frå laget si 80 års historie /v Sigrid Hals

Fin underhaldning ved bordet.

Else, Sølvi, Kristin, Inger Margrethe, Reidun, Frøydis og Mette. (Styret i 2017)

NBK sin representant, Liv Spilde.

We can do it!

Kristin, Reidun og Mette går ut av styret.

Kristin, Reidun og Mette går ut av styret.

Gåver til avtroppande gjeng. Trist å slutte...

May Britt Dannemark leia oss godt gjennom årsmøtet. M.B.D. til høgre.

Takk til alle som leverte flotte gevinstar!

Mange flotte gevinstar.

Takk til alle for eit fint årsmøte.

ÅRSMØTE 2018 i Drammen, 10. og 11.mars.


Eit triveleg møte.

Vi var samla på Scandic Park Hotell i Drammen. Omlag 70 bygdekvinner var med denne gongen. I år var årsmøtet på ein laurdag og sundag, ei prøveordning, men vi trur fredag og laurdag er meir høveleg.

Innsjekking og kaffi med deilege rundstykke var klokka tre. Etter ein times tid var det tid for å gå til årsmøtesalen, og det heile kunne starte. Mette Rustand, sonerepresentanten for Lier, Hurum og Røyken ønskte oss velkommen til Drammen og årsmøtet.  Leiaren vår Sølvi Jødal opna møtet med fine velkomstord.

Sidsel Børresen heldt eit godt og interessant foredrag : "Genteknologi og norsk mat". Ole Hans Unelsrød, gjest frå Buskerud Bodelag hadde med helsing til Bygdekvinnene. Kristin Baalerud hadde fine stev på lur. Her er eit av dei.

"So, ro te Branes. Kjøpe bånet anes. Nye sokkar, nye sko. Så ske bånet heimatt ro. `/. Te kællen og katta`/. "

Det er alltid både høgtideleg og triveleg å møtast til Festmiddag. Nydeleg mat og livlege bygdekvinner. Vårt æresmedlem, Sigrid Hals  framførte ein fin historikk frå lagets 80 årige historie. 

Sjølve årsmøtet var sundag 11. mars. Det var eit greit og godt årsmøte. Her viser eg til referatet som kjem. 

NBK sin representant hadde eit fint foredrag og informasjon frå sentralt hald. Det gamle styret takkar for kjempegodt samarbeid. Vi ønsker to nye styremedlemmar velkommen i BBK-styret og til vidare arbeid, Helga Wetterhus og Marit Stevning. Vi takkar Reidun, Mette og Kristin for kjempegod innsats gjennom fleire år. Årsmøtelotteriet vårt var vellykka også i år. TAKK til alle som bidrog!    TAKK til alle som var med på årsmøtet!

imm