Hopp til hovedinnhold

Buskerud Bygdekvinnelag

Bak jentenamn og ektemenn


Følgende mail kom til leder, og vi deler gjerne.

Hei Sølvi og alle i Buskerud Bygdekvinnelag,

Dei neste vekene har Nasjonalbiblioteket eit par arrangement som vi tenkte kanskje kunne vere av interesse for medlemmane dykkar.

Torsdag 4. juni kl 14 held vi slektshistorieverkstad med fokus på formødre. Bak jentenamn og ektemenn er tittelen på verkstaden som med hjelp av ressursane Lokalhistoriewiki, Nettbiblioteket og Historisk befolkningsregister vil vise korleis ein kan leite fram dei skjulte kvinnene i slektshistoria. Verkstaden blir send direkte som webinar.

Torsdag 11. juni kl 14 vil vi på nytt arrangere wikiverkstad. Kvar månad arrangerer Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket wikiverkstad der folk kan møte opp med eigen PC og skrive på lokalhistoriewiki.no saman. Under korona blir også desse møta gjennomførte som webinar. Tilsette ved NLI vil ta imot spørsmål via chat, og gå igjennom ulike element ved nettbasert historieskriving.

Nasjonalbiblioteket har for vane å strøyme arrangement direkte på nb.no, men no som lokala våre er stengde og dei fleste sit heime, har vi gått over til å gjennomføre alle arrangementa våre digitalt, under tittelen: Kulturhistorie rett heim! De vil kunne strøyme alle foredraga og samtalane våre på nb.no, og på FacebookI arrangementsarkivet vårt kan de finne tidlegare arrangement. Dersom de kjenner til andre som kan vere interesserte i dette, send gjerne informasjonen vidare.

 

Spør om de lurer på noko! 

 

Beste helsing

 

Anna Kleiva