Hopp til hovedinnhold

Buskerud Bygdekvinnelag

"1327 blomster"

Blomsterteppet


Litt informasjon om "Blomsterteppet"

Teppet vart laga i 2008. Det var leiaren i BBK det året, Hanne Strøm som fekk idéen. Ho ville gjerne at alle medlemmane i BBK skulle gå saman om eit prosjekt. Vi var den gongen 50 lokallag med tilsaman 1327 medlemmar. Alle medlemmane skulle lage ein blome kvar for å vise mangfaldet som BBK representerer. Hanne Strøm tok den store jobben med å montere alle blomane på teppet. FLOTT! Berre sjå på det fantastiske resultatet! Teppet vart gitt til TV-aksjonen. Ho som fekk tilslaget på teppet, fann ut at det ikkje var plass til teppet heime, og BBK fekk teppet tilbake. Det vart bestemt at teppet skulle få ein offisiell plass. Teppet har tidlegare hengt på Rådhuset i Øvre Eiker, Flesbergtunet, Lampeland, Sigdalsheimen, Prestfoss og Fødeavdelingen på Drammen sjukehus. No skal teppet til Ringerike sjukehus.