Bygda i bevegelse! Hol Bygdekvinnelag
"Bygda i bevegelse" , fire vellykka turar i Hol
Hol Bygdekvinnelag har gjennomført 4 vellykka turar i 2016. I februar hadde vi skitur på Holsåsen. Her vart det servering frå bål. "Arabiske netter", grilla ørret og oppvarma vaflar i folie. "Gamle" vaflar vart som nye! Vårturen hadde vi saman med Hol historielag, historisk vandring i Holsbygda. Kaffi og heimebakst v/ Hol BK. Sommarturen var på Vestsida av Holsfjorden, på badestranda i skogkanten. Bærplukking av ymse slag, vi lagde syltetøy og serverte vaflar steikt over bål. Haustturen var også saman med Hol historielag. Historisk vandring frå Geilo, Kvisla og ned til Hol. Vi vandra i mange timar. Kaffipause med heimebakst v/ Hol BK. Her var det kjempeba frammøte!