Hopp til hovedinnhold

Buskerud Bygdekvinnelag

Nye tider i Hallingdal,

Nye tider i Hallingdal.

Meir enn tretti Bygdekvinner samla til fellesmøte.

Hallingdal Renovasjon

Her skal det bli suppe.

Godt igang med pailaging.

Ivrige bygdekvinner.

Restemat blir festmat.

Mange kokkar, ikkje no søl!

Ivrige bygdekvinner lagar "tilslørte bygdekvinner".

Flotte paiar!

Suppegryta klar til koking.

Her blir det krutongar til suppa.

Spar på brødrester og lag krutongar, også brødsmuler til dei" tilslørte bygdekvinnene"!

Her blir det dessert!

Triveleg bordsete.

Eit godt måltid i godt lag.

God suppe, pai og salat. Desserten ventar!

Fellesmøte i Ål 2017. Tema: Søppel- restemat.


Eit flott og innhaldsrikt fellesmøte. Fem lag i Ål kommune, Ål, Torpo, Opheim, Leveld og Votndalen var samla til "Søppelmøte"

Meir enn tretti Bygdekvinner var samla på Ål Ungdomsskole til "Søppelmøte".  Torgeir Vestenfor hadde fyrst ein orientering om systemet og arbeidet ved Hallingdal Renovasjon.Han gav ein del svar på følgjande spørsmål: Kva kan vi gjere som enkeltmenneske og som lokalsamfunn for å ha ein miljøprofil i kvardagen? Kva hensikt har søppelsortering? Kva skjer i Kleivi (renovasjonsanlegget). Etter innlegget hans gav Liv Margit Sørbøen oss tips om bruk av restemat, Grønne Kvardagstips. Me fekk sorteringsquiz! Svært interessant!

Så bar det inn på skulekjøkkenet! Her laga me ein tre rettars middag på "restemat". Kremet grønsaksuppe. Pai med kjøtrester. Tilslørte Bygdekvinner. Etter matlaging hadde me eit svært så triveleg bordsete med deileg mat og ein god prat. Det vart eit lite innlegg frå sonerepresentanten som var så heldig å få vere med på denne interessante kvelden.

Takk til alle laga for ein fin kveld. Inger Margrethe