Hopp til hovedinnhold

Buskerud Bygdekvinnelag

Sonemøte

Ein flott haustkveld

Omlag 3o bygdekvinner var samla på Opheim Grendahus. Her kom vi til flott haustpynta møtesal. Vi vart ønskt velkommen av Opheim BK sin leiar med fin diktlesing. Sonerepresentanten fortalte litt om arbeid i sonen. Vår store oppgåve framover er årsmøtet som skal vere 1.-2. april i 2016. Hanne Strøm, leiar i BBK fortalte litt om arbeidet vårt i fylket. Vi slo saman to postar på programmet: gruppeprat, kaffi og mat. Me fekk servert fersk kringle og deilege lappar med syltetøy og rømme. Som om dette ikkje var nok..., ei stor marsipankake freista også mange. Vi gjorde eit stort "innhogg" i den.  Praten gjekk, og vi hadde delt oss ved fire bord. Folk frå same laget fekk ikkje sita ved same bordet. (bortsett frå lag som møtte med fleire enn fire representantar). Her vart det utveksla idear og gode innspel på tvers av laga. Veldig nyttig og givande! Alle syns dette var eit godt og triveleg sonemøte. Ein flott Haustkveld. Tusen takk til eit lite lag som tok i mot ein stor "gjeng".

Inger Margrethe Medhus (sonerepresentant i Hallingdal)