Hopp til hovedinnhold

Buskerud Bygdekvinnelag

Sølvi kom på sonemøtet. Stort frammøte frå lokallaga.

Sonemøte i Sone A Hallingdal.

Sonemøtet i Kvisla 9.nov. 2016

Vi er 11 lokallag i Sone A Hallingdal. Denne gongen var det Kvisla som hadde sonemøtet. Vi kom til kosleg pynta Kvislatun. Møtet vart innleia med fine songar av ein dyktig lokal artist.  Leiaren vår i BBK hadde tikji turen heilt frå Røyse for å vera med uss denne kvelden. Det sette alle stor pris på. Det er inga sjølvsagt ting at leiaren i BBK kan møte på sonemøtene. Vi seier TUSEN TAKK Sølvi! Sølvi hadde fine innlegg og kom med god informasjon både frå NBK og BBK. Inger Margrethe hadde laga ein oversiktleg Power Point som var informativ. For dei som skal høyre på er det greit både med munnleg og visuell informasjon. Det vart kaffi og mykje god heimebakst. Under kaffien vart det gruppesamtaler om kva dei ulike laga driv med og korleis dei jobbar. Dette var nyttig! Dei som kom frå same laget vart spreidd på ulike grupper. Borda var pynta med fine blomar. Dei vart utlodda på inngangsbilletten.

TUSEN TAKK til Kvisla for ein fin kveld. Inger Margrethe