Hopp til hovedinnhold

Buskerud Bygdekvinnelag

Votndalen BK samla til fest med ordførar,operasanger og BBK-representant

Triveleg bordsete.

Me fekk servert hjortefilet, grønsaker og poteter, nydeleg og rikeleg....herleg sjokolade fondant og is til dessert.

Pynta til fest.

BBK overrekte gåve, Inger Margrethe og Lisbeth.

Marit Sehl ved pianoet.

Ein strålande sambygding.

Leiar Lisbeth saman med årets jubilantar. I fyrste rad har vi både 85 og 80 års jubilantar. Fra v.:Ruth Trintrud, Astrid Arnegard og Marit Teigen. Bak. 50 års jubilantar:Solveig Arnegard, Oddveig Tveitehaug, Annlaug Tveito og Susanna Aschehoug

Ordførar i Ål, leiar i Votndalen BK og BBK representant.

Gratulerer!

Votndalen BK 70 år i 2019

Me var samla på Liatoppen fjellstue laurdag 9. mars 2019 for å feire ein aktiv og sprek 70 åring, Votndalen Bygdekvinnelag. GRATULERER til alle flotte medlemmar! Det var superflott underhaldning med operasongar Marit Sehl. Det vart vist lysbilete frå dei ti siste åra i laget, og eg må sei eg er storleg imponert over aktiviteten i laget. Dette er ståpåkvinner! Hald fram, lykke til vidare:-)

Votndalen BK er eit aktivt lag som gler mange i bygdesamfunnet. Matmessa på Votnahall før jul er eit stort arrangement. Bygdekvinner står på og bakar mengder av god tradisjonell julebakst. Dei samarbeider også med andre lokalmatprodusentar. Så på denne messa kan du handle inn til jul, og du kan kose deg med kaffi og god bakst i lag med gode bygdefolk. Jonsokfeiring på Lya er populær, vassgrautkoking og god stemning på Åldagen er viktig. Her er kort nemnt berre få av dei store oppgåvene laget tek ansvar for. Takk for at eg frå BBK fekk vera med å feire eit så godt lag. Inger Margrethe

Namn for fellesbilete: Fyrste rad frå venstre: Ågot Skrindo, Guri Espegard, Ruth Trintrud, Marit Teigen, Gerd Halvorsgard, Ingrid Sørbøen og Lisbeth Holo-Lund Vidme

Ståande (midtrad) frå venstre: Ordførar Solveig Vestenfor, Randi Kvelprud Stein, Susanna Aschehoug, Reidun Tveito, Gunn Reidun Hov, Astrid Arnegard, Toril Thronæs Hågård, Gro Stave Holeplass, Inger Karin Bøygard, Solveig Stølen og BBK representant Inger Margrethe Medhus.

Bakert frå venstre: Gunhild Oppsato, operasongar Marit Sehl,  Annlaug Tveito, Kristin Trintrud, Ann Holm, Oddveig Tveitehaug, Sigrun Gjerden, Sigrid Guri Roen, Sigrun Johnsrud og Solveig Arnegard