Hopp til hovedinnhold

Oppland Bygdekvinnelag

Mektig natur i nord

Distriktsleiar samling i Finnmark


Koronaen fekk Norges Bygdekvinnelag til å tenkje nytt. Distriktsleiar samlingane som brukar vera i Oslo, vart i Finnmark denne gongen. Må si eg klarte ikkje gle meg før eg var på tur. Koronaen har gjort noko med tankane våre. Det er meir "viss det blir" med no.

Eg valgde ta bilen til nord. Ein kombinasjon av litt ferie og samling passa meg fint denne gongen. 

Eg reiste frå heime laurdag, og hadde som mål at eg skulle vera Alta seinast tysdag når dei andre distriktsleierane kom. 

Hadde ein fin tur nordover, og fekk vore turist og sett mykje før eg kom til Alta og møtte administrasjonen og styret, og nokre av dei andre mandag ettermiddag. 

Tysdag gjekk turen til Kautokeino. Vi besøkte Juhls sølvsmie, hadde og ope møte og ein triveleg kveld på hotellet. Juhls sølvsmie har litt av ei historie, og eg anbefaler på det varmaste folk og reise innom der viss ein er i nord. Sjekk ut her : https://www.juhls.no/ .

Onsdag gjekk turen vidare til Karasjok. Der sto fyrst besøk på Sametinget på programmet. Vi fekk diverre ikkje koma inn, men Anders Henriksen tok vel i mot oss ute og gav oss eit innblikk i korleis Sametinget fungerar, og korleis samane har det i Finnmark. 

 

Etter besøk ved Sametinget var det lunsj på hotellet , før ope møte og så gjekk turen til John Nystad med familie. Dei har elvebåtar som vi fekk sitta i opp elva til ein lavvo dei har. Det vart eit minne for livet. I øsande regn kjøyrte vi opp, i ca 20 min, og kless blaute kom vi inn i lavvoen, vart servert Bidos, Joik og gode historiar.

 

 

 

Vi fekk og sjå og høyre korleis dei lagar belta sine, av kona til John. Dei er vove på grindvev i tre delar, og sydd saman og sydd på lerret. Ho reknar ca ei arbeidsveke på eit belte. Mange har no maskin vove band, men ein ser fort om det er ekte handverk eller ikkje når ein studerer dei. 

Ein utruleg triveleg kveld som vi kan ta fram og minnes utover vinteren! 

 

Torsdag gjekk turen til Tana bru, og Tana Bygdekvinnelag.

Fyrst på programmet var Distriktsleiar samling på kommunehuset med velkomst av Jorun Henriksen, leiaren vår, før Ulf Ballo og Merete Sabassen Hellander hadde innleiing om mellom anna Tana kommune, og landbruket i kommunen. 

Etter ei pause hadde vi Rino Andersen, tidligare politisk redaktør med oss på zoom. Han var med oss og prata om stortingsvalet, og korleis vi skal jobbe mot lokal og region pressa. 

 

Så gjekk turen til Kildesli Sjøsamiske Naturhus i Austertana, Damer frå Tana Bygdekvinnelag var med som sjåførar, og vi vart ynskt varmt velkomne i eit triveleg forsamlingslokale som Wivian Johnsen og Øystein Hauge eig og driv. Der fekk vi servert Bidos og is med multer til dessert. Alt stuttreist og med ei historie til. 

Wivian viste fram kofte utstillinga si, og gav oss eit innblikk i historia. Mykje nytt for ein innlending!

 

 Mannen hennar Øystein held eit foredrag om Tanadalen,og livet der. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

       

  Trivelege møter mellom gamle kjente. Marie frå administrasjonen i mellom Jorun,leiaren vår, og Kirsti-Synnøve Suongir.

 

                                                                                                       Fine kofter, og Jorun og Marit i bunader. 

 

Vi satt alle att med ein følelse av og vera heldige når vi reiste heim den kvelden. Så mykje vi hadde lært! Så mykje vi hadde lyst til å høyre meire om!

 

Fredag starta vi dagen med nytt Distriktleiarmøte på kommunehuset og hadde det fram til lunsj. Marit frå Akershus og Nadja frå Østfold prata om arbeidet med oppfylging av lokallaga.

Eg sa litt om bilete bruk, og oppfordra sentralstyret til å kome med eit forslag til rame, og emneknagg som vi kan bruke  i sosiale medier. 

Ellers var det digitale løysingar som tema, og vi har jo gjort eit stort steg! Sjølv meiner eg at ingenitng kan erstatte fysiske møter, men at vi kan ha dei digitale møta til enkelt saker, og informasjon. 

Vi fekk og informasjon om Kvinner UT, Tradisjonsmatskolen, inspirasjonsseminaret med meire. 

Så fekk vi velgje om vi ville gå tur i ulent terreng, til rullesteinsfjøra, eller kjøyre heilt fram og gå rundt i Gavesluft.

Eg vart med på turen til Gavesluft, og for ei historie vi fekk av Arne Josvald Sabbasen. Han fortalde om livet i Gavesluft, ved havet. Ei historie som gjekk attende  5010 år. 

Om familiane som såg husa sine vart brent under krigen. Om ungar som reiste frå heime for å gå på skule. Og mykje meir. Utruleg historie, og det rørte oss alle. Alma Hellander og Elin Sabbasen, lokale bygdekvinner, var og med og bidrog til historia. 

 

             Helle i administrasjonen  og Arne :)

 

  Gjengen som var med til Gavesluft. 

 

 

 

 

 

 

 

 

                                                                                                                      

                          Det var både kaffe og lefse og få på turen og! Her er det Elin som fortel litt. 

 

   

Nydeleg i Gavesluft!

 

Vl du sjå meire av Gavesluft?Sjekk Facebook sida deira : Gavesluft

Vi er alle så takksame for turen vi fekk dit, ein nydeleg plass, med mykje historie!

 

Siste post på programmet vårt var ein ny kveld saman med Tana Bygdekvinnelag. 

Dei hadde kokka og vi fekk kokt rein i mange variantar. Både blodkubb, margbein,reint kjøtt og tunge. Nydeleg mat! Historiar vart fortald, og Kirsti-Synnøve som er kjend for votteboka si, og strikkinga (!) av vottar prata om korleis ho har samla mønstre, og vottar opp igjennom.

 

                                     Kirsti-Synnøve i sommerkofte, fortel om boka si.

 

                                                                         

 

 

 

 

 Arnhild i Tana Bygdekvinnelag.                                                         

 

 

   

 

For nokre gjestfrie folk!! Vi sitt att med følelsen av at vi har vore heime hjå dei. Vi kom innom i det Samiske livet saman med desse damene, og mennene vi møtte i Tana.

 

 

 

 

 

Takk for turen!!

 

Borgny