Raspekakemiddag
Tradisjonen tru arrangerte vi raspekakemiddag i Helgatun. Dette er vel det arrangementet i året, som krever den største dugnadsinnsatsen for medlemane i laget. Det vart servert raspekaker med kjøt, flesk/bacon og nepestuing. Etterpå var det dessert, julekaker og kaffi. Det var mange god ord om maten, og god stemning i salen.
I år testa vi ut eit samarbeid med grendahuset Helgatun. Dei hadde loddsal og utlodding på denne kafèen, til inntekt for huset.
Det var ekstra mykje folk i år, så det blir nok ein ny middag neste år på desse tider.