Hopp til hovedinnhold

Årdal og Helgheim Bygdekvinnelag

Om Årdal og Helgheim Bygdekvinnelag

Årdal og Helgheim Bygdekvinnelag er eit lag med damer i ulik alder som bidreg til aktivitet og trivsel i grenda vår. Vi møtes på tvers av generasjonar og ynskjer tilflyttarar og andre velkommen til å bli med i laget. Ein god måte å bli kjend med folk og grend på.
Ta gjerne kontakt med ein av oss i styret eller i laget om det er noko du lurer på.

Vi har årlege arrangement for alle i grenda, som raspekakemiddag og kafè. Vi driftar trimrommet i forsamlingshuset Helgatun. Og så har vi kjekke og sosiale møter, gjerne med eit tema, som hagevandring, kompostering m.m. Blåtur og utanlandstur hender det òg at vi tek.
Norges bygdekvinnelag har årlege tema og fokus på ulik mat. Ville vekstar og bygda i bevegelse har gitt spennande aktvitetar i 2015-2016, og nye aktivitetar står for tur!