Dugnad for "ProsjektPlantekasse"
Endeleg!!! Då var prosjektet igang!
Endeleg fekk me organisert DUGNAD for "ProsjektPlantekasse" ved Rimbareid Barne- og ungdomsskule, sparka igang av Fitjar Bygdekvinnelag!
Kassane vart spikra opp i ein fei, og heldigvis for det kan me vel sei - det vert fort mørkt.
Dei som kom til oppsett tid kl 1630, fekk ferdigstille kassane. Små og store tok hammar og spikar fatt, og innimellom eting av kaka og pizza, drikking av saft og kakao, kom knotteplasten opp. Det var god hjelp i lommelykt og hovudlykt sia mørket seig på.
Tusen takk for oppmøte og god hjelp, både store og små! Takk til Thomas og Magnar for tømrarhjelp; når du er gift med ei bygdekvinne, er du sjølvskriven på dugnadslista. Og tusen takk for spons av material frå Engebik og Tislevoll🌸