Førjulstreff og loppis med bunader og festkle
Nytt av året - førjulstreff med loppis og ballkjolar
Med julas tradisjonsmat på bordet var alt klart til årets førjulstreff og ei triveleg stund med kaffikoppen og ein liten forsmak på jula.
Fin julemusikk og sang av Røaelva band, samt ei Prøysenforteljing flott formidla av Marit Rønstad høyrde også med då Bygdekvinnene inviterte til førjulstreffet 2022.
Bygdekvinnene si eiga julegåvebod var ein fin plass å stikke innom. Her var det litt av kvart som kanskje kunne bli ein julepresang til liten eller stor?
Lotteriet var også verdt eit besøk. Mange fine gevinstar her!
Det aller nyaste innslaget dette året var loppisavdelinga med ballkjoler og festklede som vart høgtidleg opna på dette førjulstreffet. Kanskje vart ein av dei heldige som fann akkurat den ballkjolen du ønska deg - heilt ny for deg, men til ein langt hyggelegare pris enn i butikken!
Tusen takk til alle som deltok og alle som kom og var saman med oss på førjulstreffet 2022 - vårt bidrag til trivsel i bygda i førjulstida Dette var også vårt første førjulstreff i det nye kulturhuset.