Fortauskafé
Stor stas å vere med på laget med Fortauskafé då dei flinke damene i Bikuben drog i gang noko litt utanom det vanlege her på Gossen
Kundekveld, motevisning og Popup-butikk i Aukrasenteret! Aukra hudpleie, Medderma Medisinske Hudklinikk og Aukra Frisørsalong, alle i Bikuben, stod for ein fantastisk kundekveld då dei hadde besøk av klesbutikken WherElse frå Hustadvika med sin popup-butikk.
Gossen Bygdekvinnelag stilte på laget med nysteikte vaflar og kaffi i sin lille fortauskafé. For Bygdekvinnene vart dette ein dag med masse godt humør og moro saman med damene fra Bikuben og klesbutikken WherElse - og ikkje minst saman med alle trivelege folka som kom innom desse dagane.