Mat, moro og musikk
Årets torgdag var boder som bugna av god, lokal og kortreist mat, herleg sang og musikk frå utescena og ikkje minst, blide folk som hadde det moro, slo av ein prat og kosa seg medan dei minste fann vegen til Barnas telt for å ha det litt gøy. Torgdagen 2025 vart ein ny, stor trivselsdag i strålande solskin på Gossen - også i år andre laurdagen i september🌺🌿🌼🌿🎼
MAT, MORO OG MUSIKK!
MAT fordi vi ønsker å løfte fram lokal og kortreist mat,
mat fordi det er viktig å vise fram alle gode råvarene vi har rundt oss og mat fordi det er ein viktig del av beredskapen vår.
Torgdagen i år kunne by på 18 salsboder med over 30 ulike slag av lokal og kortreist mat! Kjøt, fisk, grønsaker, bær, egg, salt krydder og meire til - her var det meste av det du kunne ønske deg!
Det vart fort folksamt inne i telta og køer utanfor telta av folk som fylte handleposane sine med alskens godsaker - akkurat slik vi ønsker oss at ein handledag på torget skal vere.
MORO for barna var det sjølsagt også! Barnas telt med tipping på godteriglas, lykkehjul, boksekasting, ansiktsmaling og teikneaktivitetar var også i år eit populært innslag på torgdagen.
Elevar frå 10. klasse var som kvart år gode hjelparar på torgdagen, og jammen var dei gode på ansiktsmaling også! Populært hos barna, og kjekt med ein slant til klassekassa for dei! Stilte i grillteltet gjorde dei også, så kjempeflinke ungdommar!
MUSIKK og sang var med og bidrog til den trivelege stemninga også på årets torgdag! Som alltid er det Gossen musikkorps som opnar torgdagen med sine feiande og humørfylte tonar - så også i år! Stas å ha dei med på laget!
Stor stas var det også då Gossen mannskor entra utescene i sine like dresser og sjarmerte oss alle med både stil og flott sang for andre år på rad! Og det beste av alt: Dei vil vere med neste år også! - Dette må bli tradisjon!
Sharleen Clapperton med elevar frå Aukra Kulturskole har vore med oss frå starten av. Her med nye, unge talent - alltid eit populært innslag på torgdagen.
Røaelva Band er også trufaste musikarar som stiller opp og lagar god stemning når dei kjem på scena. Sånn blir det folkefest og trivsel i bygda av!
At smilande bygdekvinner selde rømmegraut, burgarar, pølser- og ikkje minst kaker fra årets kakebord med 52 kaker er alltid stor stas! Køa var stor også inne i kafeteltet! Festkaker av alle slag - her gjekk det unna!
Fornøgde utstillarar med godt salg kom med gode tilbakemeldinger på konseptet vårt. At det var besøksrekord, og at alle strålte om kapp med sola toppa det heile!
Vi er så fornøgde, så tusen, tusen takk til alle som kom og alle som bidrog til torgdagen vår! Saman klarte vi å lage akkurat den folkefesten vi hadde håpa på