Matlaging for kvinner
Nesten fullt hus i Bygdastauå måndag kveld 4. mars då Stiftelsen JoinUs i samarbeid med Gossen bygdekvinnelag inviterte kvinner i alle aldrar til matlaging
MATLAGING FOR KVINNER
Med fire matlagingsgrupper godt lagt til rette av Bygdekvinnene, gjekk det fort å trylle fram ein deileg kveldsbuffet. Stor stemning, latter og skravling på mange språk - dette vart både kjempegod mat og ein kjempetriveleg kveld
Tusen takk til Vikenco As som spanderte nydeleg laks til opplegget denne kvelden!
Super innsats under god rettleiing!
Smakte kjempegodt!
...og her er eit knippe av kveldens fornøgde damer!
Gossen Bygdkvinnelag arrangerte denne kvelden i samarbeid med Stiftelsen JoinUs
Stiftelsen JoinUs tilbyr møteplasser for aktivitet, skaperglede og mestringsfølelse
Med matlaging som aktivitet vart denne måndagskvelden i lag ein tvers igjennom triveleg kveld. Å møtast for å lage mat saman måtte jo berre bli heilt supert! Kjekt å bidra til trivsel i bygda gjennom felles interesse for matlaging - ein fin måte å bli kjent med kvarandre på!