Medlemsmøte med besøk av Krisesenteret for Molde og omegn
Orientering om Krisesenteret for Molde og omegn og om vold i nær relasjon var kveldens hovedtema
Dagleg leiar v. Krisesenteret for Molde og omegn June E. Obam og Marit F. Paulsen, som også arbeider ved krisesentert, var våre gjestar denne kvelden. Krisesenteret fekk ei pengegave frå Gossen Bygdekvinnelag før jul. Som takk ville dei kome og fortelje litt om krisesenteret og arbeidet deira. Det vart ein interessant kveld til ettertanke for oss alle. June Obam kunne også fortelje at Bygdkvinnene sitt bidrag går til kvinneavdelinga på senteret. «Hjelp frå kvinner til kvinner».
June Obam og Marit Paulsen fekk som takk for interessant foredrag med seg ei lita gåve frå Bygdekvinnene. Havsalt frå Havsnø, raude sjokoladehjarte, sidan det var Valentinsdagen, og gode ord vart overrekt dei av Katrine.
Ein triveleg kveld med gjestar frå Molde, nokre medlemssaker, nydeleg mat og ikkje minst innviing av dei nye årane med trekking av flott innpakka gevinstar. Stor stas til jubel frå glade vinnarar.