Turmat fra heile verda
Med mat frå heile verda på menyen inviterte Gossen Bygdekvinnelag i samarbeid med Eining for innvandring og integrering til matlaging ute i det fri ved vakre Horremsleira på Gossen våren 2023
Denne fine maikvelden møttest 40 - 50 damer i ulike aldrar fra Ukraina, Polen, Rwanda, Russland, Syria, Eritrea, Kenya, Thailand og Norge for å lage mat i lag, bli kjent med kvarandre og knytte band over landegrensene.
Språkvanskar var ingen hindring då damene møttest for å lage mat! Her gjekk det unna med smil og latter medan dei lekraste rettane vart trylla fram. Litt godt var det likevel at Goshia, vår flinke tolk frå Polen var med, særleg med tanke på alle dei nye frå Ukraina.
Speeddating for å bli litt kjent med kvarandre, masse god mat fra mange land, turløype, litt dans til fengande trommerytmer fra Syria, latter og smil - for ein kveld det vart!
Turmat frå heile verda var ei fortsetjing av det gode samarbeidet Gossen Bygdekvinnelag hadde med Eining for innvandring og integrering i prosjekt KvinnerUT før pandemien. No tok vi i lag opp tråden igjen! Inkludering er viktig - alle skal kjenne at dei høyrer til i lokalsamfunnet vårt.