Triveleg Førjulskveld i Kleppeneset
Torsdag 30. november kl 19.00 inviterte Hyen Bygdekvinnelag til ein triveleg førjulskveld i Kleppeneset.
Førjulskvelden var open for både medlemmer og andre, og Kleppeneset Gard hadde pynta lokalet fint til jul. Leiar Sølvi ønskte velkomen med eit ettertenksomt dikt, før Eli Johanne og Lars framførte “Romjulsdrøm” og alle song “Julekveldsvisa”. Deretter var det Linda på Tystad Blomster sin tur. Ho hadde med mykje utstyr til å lage ulike dekorasjonar, og viste blant anna ein svært enkel måte å lage dørkrans på, og laga søte små grantre med bøy, og kvist-tre. I tillegg fekk vi inspirasjon til ulike adventslys-oppsatsar på fat, og flott og storslagen bordoppdekning. Etter demonstrasjonane fekk alle gå rundt og sjå nærare på pynten, og det var også høve til å kjøpe med seg ferdige dekorasjonar eller pynteutstyr heim. I matøkta fekk vi servert smakfullt julebrød og varmande gløgg, og det var det ei enkel utlodning med fine gevinstar.