Baking med 7.klasse, 18.juni
Kvart år bakar bygdekvinnelaget krotakaker saman med elevar frå 7.klasse på Kinsarvik skule.
18.juni var fire driftige damer klare til å ta i mot elevane frå 7.klasse. I år var det 20 som skulle baka. Læraren hadde delt inn i grupper på fem som fekk ein time kvar.
Me er heldige som har eit eldus i bygda som kan brukast av alle. Det er fint for oss å ha eit samarbeid med skulen om dette tiltaket.