Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Kakedagen avlyst

Kakedagen avlyst

Kakedagen avlyst


Den årlege kakedagen ved Borstova er avlyst

I 49 år har Kinsarvik bygdekvinnelag skipa til kakedag ved Borstova i Kinsarvik. Då er det god, gamaldags basar på grasbakken ved stova. Til gevinstar er det eldhussteikte krotakaker og anna heimebakst. Du kan og vera heldig å vinna sommarblomar eller potteplanter. I år vert dessverre denne tradisjonen broten, me arrangerer ikkje kakedag i år. Me reknar med å koma sterkt tilbake att neste år, og me gler oss til å arrangere kakedag nr 50.