Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Fysioterapeuten held foredrag, to kvinner sit ved eit bord
Kvinner sit rundt eit bord og pratar

Trening og helse

Trening og helse var tema for medlemsmøtet vårt 7.april

Til møtet hadde me invitert fysioterapeut Anne - Cathrin Eidnes frå Ullensvang kommune. Ho snakka om helse i vid forstand, og om kor stor effekt fysisk aktivitet har. Ho kom med eksempel på kva me kan gjera for å få betre kondisjon og styrke. Me etterlyste frisklivstrim i Kinsarvik. Ho vil jobba for å få det til, og er interessert i samarbeid med frivillige. Anne-Cathrin understreka og kor viktig trivsel og sosialt liv er for helsa. Etter praten rundt borda å døma var det mykje god helse i møtet i kveld.

Me hadde pause med kaffi frå dei nye kaffitraktarane våre. Mange hadde med seg krus til Borstova, me fekk 30 krus på hyllene, så no har me nok. 

Etter pausen var det informasjon om planane vidare i vår og loddtrekning. Det møtte 27 medlemmer i alderen 25 til 95 år.