Nøysom
I prosjektet #nøysom har me hatt eit samarbeid med fredagsklubben på Oppheim. Siste fredagen i mai laga me bivoksark av gamle dynetrekk som me pensla med ei blanding av bivoks og harpiks. Desse arka kan erstatta plast i mange høve. Dei kan brukast til å pakka inn nistepakka eller brukast til å dekka over ei skål med matrestar i kjøleskapet.
Det var 6 jenter og eit nokre vaksne som ville prøva, og alle synest det var ein kjekk aktivitet.
Kanskje me tek turen innom ein gong til hausten òg
Me skal i alle fall laga bivoksark på ein strikkekafe til hausten, slik at dei vaksne og får høve til prøva