Stølsdag - friluftsglede og inkludering
Stølsdag i Skitlia på Oppheimsdalen.
25 små og store samlast til stølsdag hjå Astrid og Alfred Bidne laurdag 16. august.
Me steikte lappar og vafler, kokte kaffi og grilla pølser på bålpanna.
Ein av ungane fortalde gamle gåter som me prøvde å løysa.
Ungane laga papirbåtar og hadde kappløp i groa. Der fanga dei òg frosk.
Me hadde ein triveleg ettermiddag med god mat og triveleg prat.
#friluftsgledeoginkludering #friluftslivetsår #liveterbestute